Kvar femte biff blir importert
Noreg importerer nesten 20 prosent av storfekjøtet. For å få fleire bønder til å satse på storfeproduksjon vert det arrangert ein temakveld om økonomi og storfe 11. februar 2015 på Høiland gard i Årdal. Harald Pedersen frå Tveit Regnskap kjem. Han er bonde og rekneskapsførar og har mange gode tips å kome med.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Alle som driv med storfe, og alle som har tankar om å starte med storfe, er velkomen til dette møtet om økonomi i storfeproduksjon. Harald Pedersen frå Tveit Regnskap AS held presentasjonen og det vert tid til diskusjon etterpå.
11.februar 2015 kl 19-21
Høiland gard, Årdal
Deltaking er gratis, men meld deg på innan 10.februar 2015 til kari.sand@strand.kommune.no eller telefon 950 31 190.
Harald Pedersen er rekneskapsførar hos Tveit Regnskap as i tillegg til deltidsbonde. Han har praktiske erfaring og er fagleg dyktig. Han formidlar stoffet på ein spanande og informativ måte.
Storfesatsinga i Rogaland er eit bonderetta utviklingsprosjekt for å auke storfeproduksjonen i fylket. Målgruppa er både mjølke- og ammekuprodusentar. Som ein del av storfesatsinga vert det arrangert informasjonskveldar og kurs med meir, men det viktigaste er gratis rådgjeving for storfeprodusentar. Ta kontakt med slakteriet ditt for å få hjelp med dei utfordringane du har.
Arrangør: Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke og Storfeprosjektet i Rogaland