Måltid og ernæringsomsorg for eldre
Ei stor og viktig oppgåve for framtida er å løyse utfordringa med å gi den hurtigveksande eldregenerasjonen nok og ernæringsmessig rett mat. Derfor blir det invitert til ei inspirasjonssamling 19. august på Måltidets Hus i Stavanger kl 10 – 13.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Målgruppa er produksjonsansvarleg mat/ måltid, ansvarlege for å servere maten til beboarar på alders- og sjukeheim, ansvarlege for deltaking i konkurransen "Gylne Måltidsøyeblikk", og andre som jobbar med helse, pleie, mat og måltidsløysingar til eldre som får heimetenester.
For meir informasjon og påmelding sjå Måltidets Hus si heimeside
Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Måltidets Hus står bak inspirasjonssamlinga. Den er eit ledd i mobiliseringa av deltakarar til konkurransen « Gylne måltidsøyeblikk» i regi av Landbruks- og matdepartementet.