MatSmiå
Kven skulle tru at nokon kunne elska Gamalosten?
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er heilt utruleg, men sant. På MatSmiå blei det trylla fram fantastiske smakar av den spesielle osten, og Gamalosten har dermed fått mange nye vennar. – Vi må våge å vere kreativ, seier smakskunstnaren Hanne Frosta.
Hanne Frosta snakka om Gamalosten, om tang og tare, og om kreative smakar og tilbehør i foredraget som ho hadde for drøye 50 deltakarar på Matsmiå. Tilhøyrarane fekk og stifta bekjennskap med operabonden Steinar Sørli frå Åmot Operagard og Kristin Bendixvold frå Rørosmat. MatSmiå er ein arena for kompetansebygging for bønder, kokkar og andre som er interesserte i lokalmat. Karmsund vgs var i år som i fjor staden for den viktigaste lokalmatsamlinga i Rogaland. Her har dei veldig gode kjøkkenlokalitetar og ikkje minst ein unik ståpå-gjeng av matfaglege lærarar.
På dei fem kursa blei det trylla fram mange og spennande smakar.
- Hanne Frosta leia eit av kursa. Det var på kurset ho eksperimenterte med gamalosten til stor undring for dei aller fleste. Her fekk vi prøva steikt havregraut med sopp, mjølkesyregjæra grønsaker og mykje anna.
- Grove og fine flatbrød, lefser med og utan potet. Skal seia det svinga godt av «Turbobudeia» Bodil Nordjore og hennar sju haugalendingar som fekk læra om bakste- og kjevle- og steiketeknikk på takke.
- På storkjøkkenet viste Magne Chistiansen frå Gastronomisk Institutt kunsten med å takla uventa besøk av ein turistbuss. "Man tager det man haver....."
- Jarle Lundal frå Brødrene Lundal er ein erfaren pølsemakar, og han delte villig vekk sin kunnskap om spekemat til ivrige kjøtforedlarar. Dei la ein tur innom fabrikken på Frakkagjerdet for å få enda meir kunnskap om produksjonsprosessen og for å henga opp produkta som dei lagde på kurset. Om 3 – 4 veker er spekepølsene klare for smakstesting.
- Saft er ikkje berre saft. pH er avgjerande for bruken av pektin, som brukast for å tjukne syltetøy og gelear. Berit Martinsen frå Nofima på Ås har mykje kunnskap om dette, og her fekk vi testa gelear av ulike variantar av rabarbra med og utan eple.
Det har vore nokre fantastiske fagdagar for lokalmat, og vi håper at kursdeltakarane tek i bruk den nye kompetansen. Vil du vita meir om MatSmiå, sjekk ut lenkjene nedanfor.
Haugesunds Avis: http://www.h-avis.no/Driv__Matsmi_-5-62-29290.html
Haugesundnytt: http://haugesundnytt.no/2015/03/12/det-handler-om-kortreist-mat/
Kompetansenavet Sør: https://www.facebook.com/kompetansenavsor