Nysgjerrig på lokal mat og foredling? MatSmiå er svaret!
- Matfylket Rogaland må komme enda sterkare på banen når det gjeld lokale matsatsingar for dette handlar om mangfald. Det er lov å vere liten og alt treng ikkje å handle om vekst, poengterer Ryfylkekokken Frode Selvaag.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forbrukarane etterspør lokale matspesialitetar i stadig større omfang. I 2013 var omsetnaden på nær 3 milliardar kroner, og lokalmattrenden ser ut til å vekse vidare. Sidan 2010 har omsetninga auka med 22 prosent. Matfylket Rogaland tar sin del av kaka, men vi ønskjer mange fleire produsentar, foredlarar, kokekjerringar og andre matinteresserte med på laget for å auke matmangfaldet.
MatSmiå
MatSmiå er staden for dei som er nysgjerrige på lokal mat og foredling, og ein arena for inspirasjon, nettverksbygging og ikkje minst kompetanseheving. MatSmiå går av stabelen 19. – 20. februar ved Karmsund vgs i Haugesund. Mellom anna kjem TV-kokk og gründar av velrenommerte restauranten Credo, Heidi Bjerkan for å inspirere til kreativ bruk av lokale råvarer.
Ryfylkekokken Frode Selvaag er kjend for sitt store engasjement for matspesialitetar og lokal matkultur, og er ein av kurshaldarane.
- MatSmiå er ei kjempeviktig samling kor ein kan byggje ei plattform for dei som er på startnivået. Min kjepphest er å samle eit bredt spekter av folk som har vilje og potensiale til å drive med mat og foredling, seier Frode Selvaag. Han vektlegg kvalitet, historie og lokal forankring i sitt arbeid med lokale matspesialitetar, og for han er det viktig å starte med det som er rotfesta i vår kulturelle bakgrunn.
- Kikk litt etter kva bestemor og oldemor gjorde. Det er her matskattane finst, oppfordrar ein ivrig Ryfylkekokk.
Spesielt vil han trekke fram behovet for fleire produsentar innan kjøtforedling, foredling av mjølk til iskrem og yoghurt og sylting.
- Sjå til New York. Der har sylting blitt ein kjempetrend blant unge. Ungdomane ser galskapen i at all mat skal vere ferdigmat på boks, seier ein oppglødd Frode Selvaag.
Påmelding
MatSmiå er lidenskap i skjønn foreining med fagkunnskap om natur, matproduksjon og matkultur. Matfylket Rogaland treng deg! Så meld deg på til post-st@nofima.no
Arrangørar er Fylkesmannen i Rogaland, Kompetansenettverk for lokalmat Sør, Bygdeutvikling Haugalandet, Karmsund vgs og Innovasjon Norge. Program mv. finn du på www.maaltidetshus.no
Kontaktpersonar: Eli Munkeby Serigstad, tlf 51568962 eller 41418510, fmroese@fylkesmannen.no
Frode Selvaag, tlf 915 49 133, frode@frodeselvaag.no