Fruktlageret i Ryfylke går tom for eple i romjula
Epleavlingane var veldig gode i Rogaland i år, men med ein større etterspurnad etter norske eple enn forventa, er lageret i Årdal i ferd med å tømmast.
Frå Hovsherad i sør til Jelsa i nord har epla blitt frakta til Ryfylkefrukt SA sitt lager i Årdal. Her har epla blitt sortert, kvalitetssjekka, pakka og lagt på lager.
Veldig god avling
I år har fruktbøndene i Rogaland levert 675 tonn eple, 65 tonn pærer, 25 tonn morellar og 9 tonn plommer.
- Litt spesielt var det å sende om lag 250 tonn førsteklasses Aromaeple til industriformål på grunn av signal om overproduksjon av Aromaeple. Dette viste seg i ettertid å vere ei riktig avgjerd. Vi valde å gjere dette ved innhausting for å unngå kvalitetstap i lagringsperioden sidan tilskotet ved regulering av eple til industriformål blir gitt etter del førsteklasse, seier Agnar Apeland som er dagleg leiar ved Ryfylkefrukt SA.
Grunnen til at lageret er tomt for eple i romjula er at lageret ikkje er planlagt for pakking vinterstid. Difor har grossistane Coop og Bama vald å tøme Ryfylkelageret først, medan dei held igjen andre lager i Noreg.
Tomt for norske eple?
Nei da, ingen fare. Det blir norske eple tilgjengeleg utover vinteren. Nyleg meldte Bondebladet om at det ligg rundt 1200 tonn med norske eple igjen på lager.