Gladmat i ny drakt
På onsdag startar Gladmat. Det blir lokalmattorg og sceneprogram som før, men i tillegg blir det inspirerande matturar rundt om i fylket, og spennande restaurantløyper.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Arbeidsgjengen i Gladmat har gjort ein fabelaktig innsats for å lage til ein festival med aktivitetar som er tilpassa smittesituasjonen.
Rammene for festivalen i år er tre konseptområde i Stavanger sentrum (som inneheld restaurantopplevingar, sceneprogram, lokalmat og bryggeri), løyper frå restaurant til restaurant, fjelltur, sanketur samt båttur gjennom vår fantastiske spiselege region.
Nytt av året er «Bakgården» på Nytorget der dei skal teste ein pilot på korleis festivalen kan bli meir miljøvenleg.
Bli med og NYT den spiselege regionen vår! Den beste i Noreg!