Endelege satsar for regionalt miljøtilskot 2022
Statsforvaltaren har i samråd med styringsgruppa for Regionalt miljøprogram og SMIL fastsett dei endelege satsane for regionalt miljøtilskot i 2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Økonomisk ramme for Regionalt miljøprogram blei auka ved jordbruksoppgjeret i 2022, og fleire av satsane for 2022 er auka samanlikna med 2021. Endelege tilskotssatsar finn du vedlagt i artikkelen.
Utbetaling
I 2022 godkjende kommunane 1935 søknadar om regionalt miljøtilskot i Rogaland. Landbruksdirektoratet utbetaler tilskotet 10. mars 2023. Det blir ikkje sendt ut tilskotsbrev på papir, men søkarane finn vedtaksbrevet i "Min meldingsboks" i Altinn. Søkarane får varsel om brevet på e-post eller SMS.
Klage på vedtak om utbetaling
Søkarar som vil klage på vedtak om utbetaling av regionalt miljøtilskot må gjere det innan tre veker frå tilskotsbrevet er mottatt. Klagen skal dei rette mot kommunen. Dersom kommunen ikkje tek klagen til følgje, går saka vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren er klageinstans for vedtak fatta av kommunen.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66