Frå 15. september kan du søkje regionalt miljøtilskot for 2023!
Har du bratt jordbruksareal, driv skjøtsel av kystlynghei, vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet, eller har du spreidd husdyrgjødsla med miljøvenleg spreieteknikk? Då kan du søkje regionalt miljøtilskot. Hugs søknadsfristen 15. oktober!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Søk tilskot!
Frå 15. september kan du levere søknad om regionalt miljøtilskot for dei miljøtiltaka du har gjort i 2023. I denne nettartikkelen finn du tilskotsordningar for RMP 2023. Søknadsfristen er 15. oktober. For seint leverte søknadar blir trekt 1000 kr per dag etter 15. oktober. Søknader levert etter 29. oktober vil bli avvist. Det er mogleg å gjere endringar i søknaden fram til 29. oktober utan at det gir trekk i tilskot.
Lever helst søknaden elektronisk
Du søkjer elektronisk via Altinn eller på papir til din kommune. Vi oppmodar alle å søkje elektronisk. Her finn du informasjon om søknadsprosessen og ein rettleiing til korleis du kan søkje elektronisk. Hugs å sjekke kvitteringa for innlevert søknad og ta vare på denne. Då kan du kontrollere at du har fått med alle opplysningar i søknaden, og eventuelt endre søknaden.
Tiltaka skal teiknast inn i kart
I søknaden skal det vere med eit kart som viser kvar tiltaka er gjort. Ved elektronisk søknad startar søknadsprosessen med å teikne i elektronisk kart som seinare i søknadsprosessen blir overført til søknaden. Dei som søker på papir må levere både søknadsskjema og kart som viser kvar tiltaka er gjort. Kommunen vil deretter teikne inn tiltaka i saksbehandlarsystemet.
Einskilde tilskotsordningar gjeld berre i definerte område og for definerte naturverdiar. På kartkortalen www.temakart-Rogaland.no/rmp kan du finne nyttig informasjon om dei geiografiske avgrensingane.
Viktig å sette seg inn i vilkåra for tilskot
Som søkjar er det viktig at du sett deg inn i vilkåra for miljøtilskot frå regionalt miljøprogram, og at du gir korrekte opplysningar i søknaden. Ved feilopplysningar i søknaden kan tilskotet bli avkorta.
Ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune dersom du har spørsmål til søknaden.
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Lysark med rettleiing til søknad om regionalt miljøtilskot 2023.pdf
- Regionalt miljøprogram i Rogaland 2023-2026
- Rundskriv frå Statsforvaltaren om regionalt miljøtilskot i Rogaland 2023 (pdf)
- Rundskriv frå Landbruksdirektoratet om regionalt miljøtilskot 2023
- Skjema for å levere papirsøknad om regionalt miljøtilskot 2023. Nynorsk (pdf)
- Skjema for å levere papirsøknad om regionalt miljøtilskot 2023. Bokmål (pdf)