Ny forskrift om regional miljøtilskot i Rogaland

Frå og med 2023 kan jordbruksføretak i Rogaland søkje regionalt miljøtilskot til brenning av kystlynghei. Foto: Annlaug Fludal

Rulleringa av Regionalt miljøprogram er avslutta, og ny forskrift er på plass. Frå og med 2023 kan bøndene i Rogaland søkje på tre nye tiltak, tilskot til bruk av biokol, tilskot til fangvekst som underkultur og tilskot til brenning av kystlynghei. Dei "gamle" ordninga er også ført vidare. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.04.2023

Alle landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke regionalt miljøtilskot frå 15. september til 15. oktober. Kva slags regionalt miljøtilskot dei kan søkje på blir definert i Regionalt miljøprogram i Rogaland. Regionalt miljøprogram blir rullert med jamne mellomrom, og har nyleg vore på høyring. Vurderingar av innkomne høyringssvar kan de lese i brev om fastsetting av forskrift om regionalt miljøtilskot i Rogaland. 

Statsforvaltaren la i rulleringa vekt på å føre vidare eksisterande tilskotsordningar. Økonomisk ramme til regionalt miljøprogram blir definert i dei årlege jordbruksoppgjera, og auke i økonomisk ramme har gjort det mogleg å fjerne einskilde avgrensingar i eksisterande tilskotsordningar. I tillegg har det vore mogleg å innføre nye tilskotsordningar.

Endringar samanlikna med 2022

Her er oversikt over nokre av endringane i Regionalt miljøtilskot 2023: 

  • Miljøvenleg gjødselspreiing: Det er innført maksgrense på 6 tonn vasssblanda gjødsel per spreiing. 
  • Minimumskrav til tal dekar innmarksbeite for å utløyse tilskot til skjøtsel av bratt areal er fjerna. 
  • Minimumskrav til tal dekar automatisk freda kulturminne på/ved jordbruksareal for å utløyse tilskot til skjøtsel av automatisk freda kulturminne er fjerna.
  • Det blir gitt same tilskotssats til vedlikehald av turstiar uavhengig av avstand fra tettstad. 
  • Det er innført tilskot til brenning av kystlynghei. Tilskotet blir berre gitt til areal som samstundes kvalifiserer for tilskot til beiting av kystlynghei. 
  • Det er innført tilskot til å ha fangvekst som underkultur i korn. 
  • Det er innført tilskot til bruk av biokol i open åker. 
  • Tilskot til naturbeitemark og hagemark blir nå gitt i ordninga "skjøtsel av trua naturtypar". Tidlegare var det ein del av tilskot til "skjøtsel av biologisk verdifulle areal". Denne ordninga er no forenkla til å berre gjelde skjøtsel av myr ved jordbruksareal. 

Rettleiing til søknad om regionalt miljøtilskot

Statsforvaltaren utarbeider kvart år skjøtselråd for regionalt miljøtilskot og rettleiing til søknad. Rettleiinga blir publisert på heimesida på: Regionalt miljøtilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP | Statsforvaltaren i Rogaland (statsforvalteren.no)

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.