Vil du arbeide med miljøtiltak i landbruket?
Hå kommune har i samråd med dei andre jærkommunane lyst ut fast deltidsstilling i satsinga "Frivillige tiltak i landbruket". Stillinga går i hovudsak ut på å motivere bønder til å gjere miljøtiltak som gangar vassdraga i Jæren vassområde.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 03.11.2023
Frivillige tiltak i landbruket samarbeider tett med Jæren vassområde, og består av to 60 %- stillingar. Satsinga er sentral i arbeidet med følgje opp vassforskrifta i Rogaland.
Arbeidsoppgåvene går hovudsakeleg ut på å:
- Informere om finansieringsordningar for tiltak som kan redusere ureining og skjøtte viktige kulturlandskapselement.
- Peika på risikomoment i høve til ureiningssituasjonen i vassdraga og informere om gjeldande forskrifter.
- Motivere til investeringar i tiltak som kan redusere ureininga.
- Motivere til driftstilpassingar som reduserer faren for ureining.
- Fremme prosjekter som bidrar til å betre vasskvalitet i vassdrag.