Lyng og villbrannseminar 2023 og tilskot for brenning av kystlynghei

Brenning av lyng
Brenning av lyng

Fredag 24. november arrangerast det igjen lyng- og villbrannsaminar på Haugalandet. Dette seminaret er nyttig for dei som sjølv brenn lyng, planleggar å brenne lyng, eller bare er interesert i temaet. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.11.2023

Lyng- og villbrannseminar

Fredag 24. november arrangerast det for 6. gong sidan 2017 "Lyng og villbrannseminar" på Haugalandet. Dette seminaret har blitt ein viktig møteplass for ulike grupper som har ein felles interesse i å hindre gjengroing.

Seminaret er eit samarbeid mellom Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Haugaland Brann og Redning IKS og Haugaland Lyngbrannreserve. Dagen vil bestå av fleire korte foredrag, der ein vil fortelje kva som har blitt brent, kvifor ein skal brenne, korleis ein skal brenne, og kva som skal gjerast i framtida.

For meir informasjon og påmelding sjå her!

Tilskot for brenning av kystlynghei

Kystlyngheia må skjøttast for å bevarast, og ein viktig del av skjøtselen er brenning i tillegg til beiting. Brenning hindrar gjengroing, og opnar opp landskapet slik at dei viktige lyngartane kan trivast. Ein viktig del av å behalda samspelet i kystlyngheia er å ha mosaikk i landskapet, ulike delar av heia bør være i forskjellige fasar i etableringa. Dermed bør ein ikkje brenne heile området på ein gong, men heller brenne mindre flekker til ulike år. Dette vil skape den mosaikken som trengs for å oppretthalde eit godt samspelet i økosystemet. Det same området bør ikkje brennast oftare ein kvart tiande år.

Igjennom regionalt miljøprogram (RMP) kan ein søkje om tilskot for brenning av kystlynghei. For meir informasjon om dette tilskotet og vilkåra for tilskotet

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.