Arbeidet for eit reinare Hålandsvatn er i gang
Startskotet for prosjekt Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet gjekk 17. mars, og her ser du kva tiltak som har fått finansiering.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Desse tiltaka har fått økonomisk støtte
- Søknad om tilskot frå Miljødirektoratet til informasjonsfilm: 100 000 kr.
- Søknad om tilskot frå Miljødirektoratet til vassprøvetaking: 100 000 kr.
- Søknad om tilskot frå Miljødirektoratet til Utgreiing av Kverneviksbekken som gytebekk: 120 000 kr.
- Søknad om tilskot frå Rogaland Fylkeskommune til vassprøvetaking i tilføringsbekkar til Hålandsvatnet: 30 000 kr.
- Søknad om tilskot frå Rogaland Fylkeskommune til informasjonsfilm: 20 000 kr.
- Søknad om tilskot frå Rogaland Fylkeskommune til restaurering og resultatmåling i Hålandsvatnet: 29 000 kr.
- Søknad frå Norsk landbruksrådgiving Rogaland til Statsforvaltaren om miljørådgiving til alle bønder i nedbørsfeltet til Hålandsvatnet: 94 800kr.
- Søknad frå Norsk landbruksrådgiving Rogaland til Statsforvaltaren om avlingsmåling av grovfôr i nedbørsfeltet til Hålandsvatnet med sikte på å sjå på fosforbalansar: 63 975kr.
- Søknad frå Randaberg kommune til Statsforvaltaren til tiltaksarbeid rundt Hålandsvatnet: 164 000kr
Til saman: 795 935kr.
Desse søknadane ventar på svar
Det er nå også sendt inn ytterligere tre søknadar til Rogaland fylkeskommune. Dette er midlar til utsetting av fisk (tilskot til innlandsfiske), kartlegging av overvannssystem rundt Hålandsvatnet, og uttesting av randsoner i grønsaksproduksjon (dei to siste er til regionale tilretteleggingsmidler i landbruket – RT-midler).
Søknad om tilskot til trua naturtypar som skal gå til oppreinsking av Hålandsholmen er det gitt indikasjoner på positivt svar, men vi venter framleis på vedtaksbrevet.
Kort om prosjektet Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet
Interessert i informasjon om Hålandsvatnet?
I regi av prosjektsatsinga vil prosjektleiar sende ut nyhende om Hålandsvatnet til interesserte personar. Gi beskjed til Margit Reiersen dersom du ønsker å motta informasjon på e-post.