Dreneringstiltak i Rogaland 2021
Årsnedbøren i Rogaland er berekna å auka med om lag 10 prosent dei næraste 50 til 100 åra. Ein forventar auka nedbør med auka intensitet og hyppigheit gjennom heile året. Statsforvaltaren ønskjer difor at fleire søkjer om tilskot til drenering.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tilskot til drenering gjennom 2021
Rogaland disponerte totalt kr. 13,8 mill. i dreneringstilskot i 2021 som ble fordelt til kommunane. 163 bønder i fylket får innan utgangen av 2021 løyvd totalt 5,6 millionar i tilskot til drenering. Løyvingane dekker eit areal på om lag 3 600 dekar.
Bønder i kommunane Hå, Vindafjord, Klepp og Sandnes sto for 50% av alle søknadane på drenering i Rogaland i 2021 (81 søknadar). Kommunane Klepp, Hå og Sandnes har 58% av dei samla løyvingane i fylket (3,24 mill.).
Tal søkjarar på dreneringstilskot har gått stegvis ned dei seinare åra.
Forventa løyvd dreneringstilskot for 2021 på ca. 5,6 millionar viser at færre bønder søkjer tilskot til drenering. Statsforvaltaren er kjend med at bønder utførar dreneringstiltak utan å søke tilskot til drenering. Forklaringa ligg i at dreneringskostnadar har auka jamt medan tilskotssatsane er uendra. Tilbakemeldingar frå næringa er at tilskotssatsane er for låge. Desse signala er sendt vidare til Landbruksdirektoratet.
Om lag 9 millionar i unytta dreneringstilskot i Rogaland blir overført til 2022.
Statsforvaltaren meldte difor ikkje inn behov for meir midlar til Rogaland for 2022. Vedlikehald av dreneringssystem er likevel særs viktige tiltak for å sikre god agronomi, gode driftsforhold og redusere næringsavrenning til vassdrag.
God dreneringstilstand i jorda, ein føresetnad for god plantevekst
Plantene kan nytte tilført næring optimalt i godt drenert jord. Med den store auken i prisane på mineralgjødsel er god utnytting av husdyrgjødsla enda viktigare framover. Jordas dreneringstilstand vil òg bli vurdert nøye av forvaltninga ved handsaming av eventuelle søknadar på erstatning for skadar på kulturplantar som kan skuldast klimaet.
Rotutvikling hjå planter ved ulik høgde på grunnvatnet. Illustrasjon: Nono Dimby
Tapet ved å la være å drenere kan over tid bli enda større enn kostnadene med et dreneringstiltak. Det er betre å søke nå, og få 3 år på å gjennomføre dreneringa enn å søke når gravemaskina står i tunet….
Kontaktpersoner
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78