Rogaland sine kandidatar til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2023

Norsk Kulturarv, i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet inviterte alle fylka til å nominere verdige kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen. Gardbrukarane i Trodla-Tysdal, Reidun Ferstad og Kjell Tysdal blei av Hjelmeland kommune nominert som Rogaland sin kandidat til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen 2023.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.05.2023

Kjell, utdanna elektroingeniør og meieriingeniøren Reidun, begge i gode jobbar med gode inntekter, kjøpte den veglause garden i Trodla-Tysdal i 1989. Garden som hadde stått tom i ni år før kjøpet, var utan straum og innlagt vatn, - og verdiane på alle bygg var sett til null. I dag, 34 år etter kjøpet er den veglause garden i Trodla-Tysdal den mest avsidesliggjande garden i drift i Rogaland.

Beiting med sau har gitt eit ope og variert kulturlandskap med god variasjon i biologisk mangfald. Dei gamle bygningane er restaurert til opphavleg utsjånad og godt ivareteke. Satsinga på friluftsliv har i alle år og ved sidan av sauehald, vært ei særs viktig næringsinntekt på den avsidesliggjande garden. Friluftsinteresserte har anten nytta turstien på om lag 7,5 kilometer over fjellet forbi gamle nedlagte fjellgardar til Trodla-Tysdal eller fått båtskyss med Kjell over Tysdalsvatnet. Turisthytta på garden med diskret plasserte anneks bak store steinar, skjemmer ikkje kulturlandskapet. I det intakte gamle hovudhuset på garden hadde ekteparet i mange år servert god mat for besøkjane. De stilte villig opp for å informere turistar og turgåarar om gardshistoria med myter og sagn frå området. Med opp mot 4 000 besøk på garden årleg har ekteparet gjort Trodla-Tysdal godt kjent for friluftsinteresserte i inn- og utland.

imagebth19.png

Statsforvaltaren i Rogaland støttar Hjelmeland kommune og meiner at Reidun Ferstad og Kjell Tysdal i Trodla-Tysdal er verdige kandidatar til å ta imot Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen 2023.

Den nasjonale juryen som står for kåringa av årets pris er:

  • Landbruks- og matminister Sandra Borch - Juryleiar
  • Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag
  • Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
  • Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
  • Hanna Geiran, riksantikvar
  • Jørn Holme, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

Vi håper at ein av Rogaland sine kandidatar vinn denne gjeve prisen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.