Demensomsorg på gard inn i kommunale budsjett
Torvholen Gard i Klepp har fått avtalar med kommunane Klepp og Time for 2023.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Inn på tunet (IPT) er tilrettelagte kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel for deltakarane som kjem til garden, og i Rogaland finst det 20 godkjente IPT gardsbruk. Torvholen Gard i Klepp og Steindal Gard i Randaberg er blant dei som tilbyr demensomsorg på gard.
Gode opplevingar
Torvholen Gard i Klepp kommune blei godkjent IPT tilbyder 2021 med ønskje om å starte opp ei ny næring på garden i tillegg til ordinær gardsdrift. Dialog med Time og Klepp kommune på administrativt og politisk hald gav raskt gode resultat. Ved hjelp av prosjektmidlar frå Statsforvaltaren i Rogaland og Helsedirektoratet blei det høve til å teste ut konseptet med deltakare frå begge kommunane. Evaluering viste gode skotsmål frå både Time og Klepp. Deltakarane og pårørande er særs positive, då det opplevast meiningsfullt å komme på garden og delta i daglege gjeremål både inne og ute. Sosialt samvær, turar i Salteskogen, måltidsopplevingar, kontakt med dyr og song er viktige ingrediensar i tilbodet.
Utvidar tilbodet
Kommunane fortel at dei stadig er på jakt etter gode og supplerande dagaktivitetstilbod til yngre og eldre personar med kognitiv svikt eller er i tidleg fase demens og at erfaringane frå Torvholen Gard har gitt gode resultat. Dette førte til at Time og Klepp kommune la inn demensomsorg på gard i kommunale budsjett i 2022 med ein dag i veka for inntil 6 deltakare frå kvar kommune. For 2023 blir tilbodet utvida. Frå starten i 2021 med en dag i veka, kan Torvholen no tilby demensomsorg 3 dagar per veke.
Fleire kommunar viser interesse
I dag finnes det mellom 20 – 30 IPT garder i Noreg som leverer tilbod til kommunar innan demensomsorg (erfaringstal frå forskingsprosjektet Demensomsorg på gard). Demensomsorg på gard er et tenesteområde som har fått mye fokus og oppmerksemd de siste årene utan at det nødvendigvis har ført til etablering av konkrete tilbod og avtalar med kommunar. IPT Norge SA fortel om stadig fleire førespurnader frå kommunar rundt i landet frå kommunar som ønsker informasjon om tilbod gardane kan levere til personar med demens. Samvirkeorganisasjonen erfarer at fleire medlemsgarder får avtalar med kommunar og at potensialet er spennande i tida framover.
Marit og Arthur Salte kjem, saman med Andreas Vollsund, ordførar i Time kommune, på Landbrukskonferansen 20.mars 2023 for å fortejla meir om erfaringane sine med demensomsorg og IPT.