Nye roller i landbrukspartnarskapet
Regionreforma gir Rogaland fylkeskommune ansvaret for å forvalte regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving, og til å utforme oppdragsbrevet for dei bedriftsretta investeringsmidlane (IBU) som Innovasjon Norge forvaltar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Torsdag 19. november hadde vi eit nyttig dialogmøte i landbrukspartnarskapet, der Rogaland fylkeskommune nå får ei ny og viktig rolle.
Vårt gode samarbeid held fram
I møtet orienterte Rogaland fylkeskommune om si nye rolle, og korleis arbeidet er tenkt organisert. Det vil vere ei klar kopling mot det politiske nivået. Det blir vidareført eit godt samarbeid med Fylkesmannen når det gjeld strategisk arbeid og mobilisering. Vårt felles mål er å styrke verdiskapinga basert på landbruksnæringa sine samla ressursar.
Regionalt bygdeutviklingsprogram 2019-2022 gir god retning
Regionalt Bygdeutviklingsprogram for perioden 2019-2022 gir oss eit godt fundament for å prioritere midlar for dei ulike ordningane, og for å få ein god overgang med tanke på endringar i oppgåver. Her kjem det også fram kva regionale strategiar og planar som gir grunnlag for vidare satsing.
Mange nye mjølkefjøs i 2019
I møtet presenterte representantane frå Innovasjon Norge status for bruk av investeringsmidlane (IBU) for 2019, der vi treff godt sett i høve til oppdragsbrev. Særleg gjeld dette prioritering av mindre mjølkefjøs (15-30 kyr) basert på eige grovfôrgrunnlag og mjølkekvote. Det er gledeleg å sjå at det framleis er auke i løyvingar innan denne målgruppa, og at mobiliseringa gir resultat. Og særleg gledeleg å sjå at viktige mjølkekommunar som Finnøy, Vindafjord og Bjerkreim toppar lista. Det er elles positivt at fleire nå satsar meir i nye retningar, basert på garden sine ressursar.
Prioritering i 2020
I møtet blei det som eiga sak drøfta korleis vi skal prioritere investeringsmidlar i 2020. Det var semje om å følgje hovudtrekka i oppdragbrevet for 2019, med fokus på mjølkefjøs for 15-30 kyr med basis i eige grovfôrgrunnlag. Satsing på frukt og grønt vil ha særleg merksemd, og det same gjeld miljøutfordringane.
Nytt møte i januar
Det blei avtalt nytt møte 30. januar. Vi legg til grunn at oppdragsbrev frå Landbruks- og matdepartementet til Innovasjon Norge då er kjend, og at Rogaland fylkeskommune då får endelege innspel til å utforme oppdragsbrevet. Fylkesmannen vil legge vekt på å bidra for å gjere denne overgangen så god som mogleg, og vil samstundes vere tett på denne prosessen i det vidare samarbeidet.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13