Nyttig møte i landbrukspartnarskapet
Torsdag 17. desember hadde vi eit nyttig dialogmøte i Landbrukspartnarskapet, med tema som dyrehelse og prioriteringar av investeringsmidlar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogaland fylkeskommune har gjennom regionreforma fått i oppgåve å forvalte regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving, og til å utforme oppdragsbrevet til Innovasjon Norge knytt til dei bedriftsretta investeringsmindlane (IBU). Møtet er eit viktig grunnlag for innretting av oppdragbrevet.
Samarbeidet held fram
I møtet orienterte Rogaland fylkeskommune mellom anna om nyleg vedteken Nærings- og innovasjonsstrategi for Rogaland, og om at det skal utarbeidast ein eigen matstrategi som også skal omhandle jordbruk. Samarbeidet med Fylkesmannen held fram, både innan strategisk arbeid og mobilisering. Eit felles mål er å styrke verdiskapinga basert på landbruksnæringa sine samla ressursar. Landbruksdirektør Geir Skadberg peika mellom anna på felles utfordring knytt til vassforvalting og økologisk jordbruk, og at forvalting og bruk av skogresursane er viktig i klimasamanheng.
Dyrehelse som tema på møtet
Norsvin ved Olav Eik-Nes var invitert til møtet for å snakke om dyrehelse innan svinehald.
Det er sett i gong eit prosjekt kalla «Friskere gris SPF-Rogaland», der dei mellom anna skal arbeide for at grisene er fri for ei bakterie som fører til ei rekke svinesjukdommar. Rogaland er invitert med til å ta teten i dette viktige arbeidet.
Framleis satsing på nye mjølkefjøs
I møtet presenterte representantane frå Innovasjon Norge status når det gjeld investeringsmidlane (IBU) i 2020, der vi treff godt sett i høve til prioriteringane. Særleg gjeld dette prioritering av mindre mjølkefjøs (opp til 30 kyr) basert på eige grovfôrgrunnlag og mjølkekvote. Det er elles positivt at fleire satsar meir i nye retningar, basert på gardens ressursar.
Prioritering av investeringsmidlar i 2021
I møtet blei det drøfta korleis vi skal prioritere investeringsmidlar i 2021. Det var semje om å følgje hovudtrekka i oppdragsbrevet for 2020, med fokus på mjølkefjøs for inn til 30 kyr med basis i eige grovfôrgrunnlag. Satsing på frukt og grønt vil ha særleg merksemd, og det same gjeld miljøutfordringa. Det blir ikkje prioritert midlar til sau, egg og ammekyr. Meir konkretisering blir gjort i nytt prioriteringsbrev frå Rogaland fylkeskommune.
Nytt møte i februar
Det blei avtalt nytt møte februar 2021, og det er tenkt lagt til Øksnevad vidaregåande skule.