Mikkel er vår nye praksisstudent på Landbruksavdelinga
Mikkel Wallin Nordhus har starta sitt praksisopphald i Landbruksavdelinga. Der skal han bli kjent med Statsforvaltaren, og vår rolle i forvaltninga. Oppgåvene går ut på å sjå på nasjonal politikk innan naturmangfald, og utfordringar knytt til dagens jordbruksdrift og naturmangfald. Det er også avtalt samarbeid med Time kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mikkel går fjerde semester på Universitetet i Stavanger på retninga statsvitskap. Han skal no vere 16 veker i 50 % stilling som praksisstudent på landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Rogaland.
Føremålet med praksisopphaldet er å gjere seg kjent med kva rollar Statsforvaltaren har i forvaltninga, og korleis nasjonal politikk blir følgd opp frå nasjonalt til kommunalt nivå. Mikkel skal her ha eit særleg fokus på nasjonal politikk og føringar for naturmangfald og korleis dette blir handtert i jordbruksforvaltninga.
Praksisopphaldet skal ende ut i ei oppgåve om kva som er nasjonal politikk og Statsforvaltaren sine oppgåver innan naturmangfald, særleg knytt til utfordringar i jordbrukslandskapet. Kva utfordringar har kommunane på området, og korleis kan Statsforvaltaren bidra. Time kommune skal her nyttast som case og klima- og miljørådgjevar Vegard Thorset Våge er med i ressursgruppa Mikkel kan nytte.
Kontaktpersoner
-
Rune Lian
Tlf: 51 56 87 54