Monica Dahlmo er ny landbruksdirektør i Rogaland

Monica Dahlmo er tilsett som ny landbruksdirektør i Rogaland. Ho tiltrer 1. januar 2024. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland.

Dahlmo er tilsett som ny landbruksdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland og vann fram i konkurranse med fleire gode kandidatar. Ho kjem frå stillinga som seniorrådgivar i landbruksavdelinga vår.

Publisert 18.12.2023

Dahlmo har jobba i landbruksavdelinga i 21 år – og kjenner både avdelinga, embetet og fylket godt. Ho kjem frå Drevja i Vefsn kommune i Nordland og er 46 år gammal.

– Driftige bønder og kamp om jorda

Eit meir spennande fylke å vera landbruksdirektør i finst ikkje, meiner Dahlmo:

– Her har me driftige bønder og kamp om jorda. Me må aldri ta dei mange bøndene og skogeigarane for gitt. Dei er føresetnaden for landbruket i fylket. Og samarbeidet med kommunane er særs viktig. Saman med assisterande landbruksdirektør Anfinn Rosnes ser eg fram til å ta fatt på jobben. Eg er glad for å kunna spele på lag med Anfinn. Ei lita oppteljing viser at me har over 50 års erfaring til saman på «leiarkontoret». Så dette kan fort gå godt, slår Dahlmo fast.

Kjenner landbruket i Rogaland godt

Monica har særleg jobba med miljøtiltak i landbruket, og har gjennom åra skaffa seg brei kunnskap om landbruket i Rogaland. Ho har eit stort engasjement i arbeidet med å oppretthalda matproduksjon og husdyrhald i fylket – og ønskjer å føra vidare den gode dialogen med aktørar knytt til landbruksnæringa. Statsforvaltar Bent Høie er svært fornøgd med å få Dahlmo med i leiarteamet i embetet.

– Kunnskapsrik, engasjert og tydeleg

– Me er veldig glade for at Monica Dahlmo blir ny landbruksdirektør i Rogaland. Ho har lang erfaring og stor breidde i kunnskapen om landbruksfylket Rogaland. Landbruksdirektøren er også ein del av embetsleiinga hos Statsforvaltaren i Rogaland, og Dahlmo blir ein viktig del av teamet som leiar embetet. Med Dahlmo får Rogaland ein kunnskapsrik, engasjert og tydeleg landbruksdirektør, seier Høie.

 

Dahlmo tiltrer 1. januar 2024.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.