Oppstart av prosjekt Bioenergi i Rogaland
Det er gjort avtale med Christer Andersen om å vere prosjektleiar for prosjektet Bioenergi Rogaland. Hovudføremålet med prosjektet er å få aktørar innan landbruket, offentlege instansar og utbyggarar til å vurdere bioenergi som varmekjelde. Her er eit stort potensial i Rogaland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Prosjektleiar skal vere ein viktig aktør i realiseringa av nasjonal politikk og vedtekne regionale planar når det gjeld auka bruk av fornybar energi, og då med fokus på bruk av lokalt råstoff. Her viser vi særleg til vedteken Strategi med handlingsplan for skogbasert bioenergi i Rogaland. Satsinga blir finansiert gjennom eit spleiselag mellom Innovasjon Norge, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland.
I første omgang har Rogaland landbruksselskap gjort avtale med Christer Andersen frå 1. september 2013 og ut året, medan det er tenkt ei vidare prosjektsatsing frå og med 2014. Framtidig organisering av arbeidet vil bli avklart i løpet av denne prosjektperioden. Alt ligg nå til rette for at vi skal få til eit auka fokus på bioenergi, som også viser resultat.
Ta gjerne kontakt med prosjektleiaren!
Prosjektleiar Christer Andersen - tlf. 916 25 665