Ei proppfull veke med økoarrangement
ØKOUKA i Rogaland går av stabelen frå 24. september til 1.oktober 2016 i Stavanger og på Haugalandet. Vil du lære å bake surdeigsbrød? Høre om urbant landbruk? Besøke ein økologisk gard? Du har over 20 arrangement å velje i!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 09.09.2016
Program for ØKUKA i Rogaland finn du på heimesida okouka.no eller på facebook Økologisk Rogaland.
ØKOUKA byr på mange ulike matkurs, debattar, gardsbesøk, sosiale møteplassar og fleire andre arrangement. Vi ønsker å vise fram økologiske produkt og gardar, formidle kunnskap om matlaging med økologiske råvarer og engasjere gjennom foredrag.
ØKOUKA i Rogaland blir koordinert av Oikos Rogaland med bidrag frå mange ildsjeler og støtte frå Fylkesmannen i Rogaland.