Serveringsmerke har blitt til valørmerke
Debio har lansert eit nytt merke som matvarehandelen kan bruke for å marknadsføre økologisk mat. Tidlegare var merkeordninga øyremerka serveringsstader. Nå kan både butikkar og serveringsstader bruke same merke for å synleggjere økologisk mat.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 29.03.2016
Serveringsmerket gav ein peikepinn på kor mykje av råvarane i maten som var økologiske. For bronsemerket var kravet minimum 15 prosent økologisk, for sølv, 50-90 prosent, og for gull meir enn 90 prosent. Valørmerka er ein vidareføring av serveringsmerka, og krava til prosentdelar er framleis dei same.
Nytt er:
- prosentdelen er ikkje angitt på merka
- ordet «økologisk» er erstatta med «godkjent»
- både serveringsstader og matvarehandlen kan bruke dei nye merka
Her kan du lese meir om reglar for bruk av Debio-merke.