Spis betre - lev betre!
Har du lyst å dyrke din eigen mat, men veit ikkje heilt korleis du skal setje i gong? Kom på møte om urban dyrking, tirsdag 14.mars 2017 i Stavanger.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Med dette møtet ønskjer vi å skape ein arena for alle interesserte som har lyst å la seg inspirere, vil lære om urban dyrking, høyre om prosjekt på Jæren og treffe likesinna.
ved Annabell Pfluger
Møtet er i Statens hus, Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger.
Påmelding til Annabell Pfluger, 51568971 eller fmropf@fylkesmannen.no
...urbant landbruk, urban agriculture, urban gardening, urban farms, nabolagshagar, …
Urban dyrking er ein del av det urbane landbruket og omfattar bynære dyrkingsaktiviteter der sal av produkt ikkje er hovudformål. Ofte er andre interesser like viktige, som til dømes sosialt fellesskap, utnytting av ubrukt areal, opplæring av barn med meir.
Arrangørar: Fylkesmannen i Rogaland i samarbeid med Hageselskapet Rogaland og Oikos Rogaland.