Tett golv blir krav for økologisk sau
Halvparten av bingearealet skal være tett. Dato for når krava skal bli innfridde er framleis uavklart. Samstundes er det viktig at produsentane gjer førebuingar med eingong, då det ikkje vil bli nokon overgangsperiode.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I økologisk husdyrhald er det krav om at minst halvparten av bingearealet skal ha tett golv. Norge og Island har hatt unntak for sau frå kravet om tett golv frem til i fjor haust. Nå skal likevel EU-øko-regelverket implementerast i EØS-avtalen utan unntak for tett golv for sau.
Debio har gjennomført ei spørjeundersøking der det kom fram at 63 prosent av dei økologisk saueprodusentane i Norge ikkje blir påverka av regelendringane. Samstundes må rundt 37 prosent, eller 220 gardar med økologisk sauehald, forandre på driftsopplegget. I Rogaland er fleirtalet av dei 27 produsentane med økologisk sau ikkje påverka av regelverksendinga. Nokon driv med villsau som berre går ute, og nokon har valt talle eller anna tett golv. For opp til åtte produsentar i Rogaland betyr endringa at dei må tenke på ei omstilling.
Rådgjevinga strekker ut ei hjelpande hand til dei som treng det:
«Hjelp og råd til økologiske saueprodusenter Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), Norsk Landbruksrådgivning, Norsk Sau og Geit og Debio har fått midler fra Landbruksdirektoratet for å bistå med å finne og gjøre kjent praktiske og økonomisk gjennomførbare løsninger for å tilfredsstille EU-kravet om minst 50 % tett gulvareal i økologisk sauehold. For mer informasjon, ta kontakt med kjersti.berge@nlr.no eller kristin.sorheim@norsok.no» Kjelde: Debio
I menyen på høgre side finner du lenke til informasjon om enkel løysing for tett liggeunderlag til bruk på spaltegolv.
Fleire endringar i økologiregelverket er blant anna:
- Innstraming i krav til bruk av lokalprodusert fôr (svin og fjørfe)
- Innstramming til parallellproduksjon ved dyrking av fleirårige vekstar
- Strengare krav til økologisk kontroll