Urbant landbruk: "Vi deler på avlingane"
Andelslandbruk? Nabohage? Byhage? Pallekarm på tak? Initiativa er mangfaldige. Felles er at forbrukarane deltar aktiv i matproduksjonen og deler på avlingane: Medlemskap eller årsavgift versus kilopris per produkt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Hageselskapet i Rogaland har sett i gong ein forstudie om urbant landbruk i fylket. Dei vil skape dialog og samarbeid med aktuelle aktørar og initiativtakarar for å synleggjere moglegheiter og reelle prosjekt innan urbant landbruk. Forstudien skal føre til konkrete forslag for vidare arbeid med å få på plass urbant landbruk i Rogaland.
Urbant landbruk er her definert som matproduksjon for ein avgrensa region. Ein bynær gard som leverer til kjedebutikkane og dermed ikkje kan påverke salsområdet, vil ikkje bli rekna som urbant.
Ta kontakt med prosjektleiar Kari Meek på Meek.Kari@gmail.com for meir informasjon. Forstudien er støtta av Fylkesmannen sine UTM-midlar.