Eit av dei største næringsbygga i tre reiser seg – i Rogaland!
På Bjergsted i Stavanger veks det fram eit mektig bygg. Her skal hovudkontoret for Sparebank 1 SR-bank ligge, og det skal byggast i tre. Næringsaktørar frå skognæringa og landbruksavdelinga hos Fylkesmannen fekk besøke byggeplassen der spiker er eit fy-ord og synet av limtre gir salige blikk.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I 2013 vann Block Berge Bygg anbodet om å bygge den nye Finansparken i Bjergsted. Finansparken skal i 2019 huse 650 arbeidsplassar. Bygget, som blir miljøklassifisert som BREEAM-NOR Excellent, vil bli eit av Europa sine største næringsbygg i tre, og eit signalbygg for både Rogaland og Noreg.
Njål Undheim, arkitekt hos det Stavanger-baserte arkitektkontoret Helen & Hard, baud på synfaring i bygget. Han kunne fortelje at dei og samarbeidspartnaren SAAHA tok utgangspunkt i Sparebank 1 sine verdiar og visjonar då dei starta arbeidet med å teikne bygget. Dei besøkte også bygg i utlandet for inspirasjon.
– For å betre forstå korleis eit trebygg kan vere, dro vi saman med byggherren til Sveits. Vi såg på ulike næringsbygg i tre. Det var svært nyttig for gruppa.
Det blei også bygd ein såkalla mock-up på Forus, der ein del av bygget var sett opp i 1:1-storleik. Her kunne byggherrar og andre interesserte komme for å sjå korleis bygget skulle bli, samtidig som arkitektar, entreprenører og andre involverte kunne teste ut ulike løysingar knytt til struktur, materialbruk, fargar og andre faktorar. Det blei også gjort ein bygganalyse, som samanlikna trebygg og stålbygg, for å få fram kostnadsfaktoren. Dette viste, ifølgje Undheim, at eit bygg i tre er minst like konkurransedyktig som eit bygg i stål, .
Desse grepa ser ut til å sørgje for god gjennomføring av eit innovativt bygg. Det er ein viktig for å nå dei nasjonale måla om å bruke meir tre som byggematerial.
Fine fakta om Finansparken
- Det nyttast 3 410 m3 trevirke.
- 12 prosent av trevirket er limtre av bøk, 29 prosent er limtre av gran og 59 prosent er massivtre av gran.
- Bygget er fritt for spiker – tredyblar (pluggar) blir brukt for å halde elementa av tre saman.
- Med 7 etasjar over bakken og 3 under, blir bygget heile 22 600 m2 stort.
- 85 prosent av arbeidet med bygget utførast av lokale samarbeidspartnarar