Gode vegløysinger gir nøgde skogeigarar
Nyleg arrangerte Fylkesmannen m.fl. skogdag i Eigersund med nytte og lønnsemd av skogsbilvegar som tema. I eit intervju med Kystskogbruket kan du lese meir om vegen som blei besøkt, og kvifor gode vegløysinger kan være viktig å tenke på før ein planlagd hogst.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Skogeigar Ann-Marie Mysing fortel at ho er svært nøgd med skogsdrifta som ho hadde på eigedomen i vår. Ho fekk god hjelp av skogbrukssjef Hans Petter Tønnessen i forkant, mellom anna med planlegginga av ein ny skogsbilveg inn til hogstområdet.
Bygginga av vegen har ført til reduserte driftskostnader ved hogsten, noko som er ein viktig del av reknestykket når lønnsemda av skogsdrifta skal vurderast. I tillegg har gunstige økonomiske ordninger i skogbruket, som tilskot til skogsbilvegbygging og skattefordelar på inntekt ved hogst, bidratt til at skogeigaren er godt nøgd med resultatet etter drifta.
Til våren skal det plantast ny skog på arealet som er avverka, og i tillegg ser skogeigaren på moglegheiten for å plante klimaskog på gjengroingsmark i same område. Den nye vegen vil dermed komme til nytte, og gi store innsparingar i driftsveglengde og kostnadar også framover.