Kvalitetsfrø av sitkagran frå Rogaland

Frøplantasjen med sitkagran i Honganvik i Sauda er no nyleg hogd for å sikre skogeigarane langs kysten klimatilpassa frø av høg kvalitet. Det er Vestskog SA som står ansvarleg for gjennomføring av hogsten og organisering av konglesankinga som er utført av idrettslaget i Sauda.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.10.2014

Frøplantasjen av sitkagran blei etablert i 1968 av det som då heitte Statens skogfrøverk, no Det norske Skogfrøverk. Grunneigar er Landbruks- og matdepartementet, men Skogfrøverket står ansvarleg for drifta av frøplantasjen. Plantasjen er på om lag 100 daa med sitkagran som blei poda i 1973. Det er først no etter vel 40 år at denne lokaliteten gir siktagranfrø av mengder som gjer det aktuelt for sanking.

Det er om lag 60 daa og vel 2000 m3 med tømmer som no er hogd. Det er samla og sendt inn nærare 100 sekker á 50 liter med kongler til Skogfrøverket. Kvaliteten på kongleprøvane ved sanketidspunktet, viste bra med frø og lite skader.

Frø/plantemateriale av siktagran med gode kvalitets – og produksjonseigenskapar for kystskogbruket har fram til no vore mangelfullt. Går alt som planlagt vil klimatilpassa plantemateriale av høg kvalitet vere tilgjengelig for planteskulane allereie våren 2015.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner