Satsing på bruk av tre i nye landbruksbygg i Rogaland
Mange gardbrukarar planlegg ny- eller ombygging av husdyrfjøsa sine i åra framover. Stadig fleire vel å bygge i tre, og no satsar lokale sagbruk i Rogaland på å utvikle gode løysingar for landbruksbygg.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Å få til byggesystem som oppfyller same krav som alternative byggemåtar i stål og betong kan vere utfordrande, men trevirke har gode materialeigenskapar som kan gjere driftsbygningar i tre til eit konkurransedyktig og godt alternativ.
Riska sagbruk har utvikla nytt byggekonsept
Riska Sagbruk i Sandnes er eitt av sagbruka i Rogaland som ser gode moglegheiter for nye fjøs og andre typar driftsbygningar i tre. Dei hevdar at låg vekt kombinert med gode styrkeeigenskapar er eit viktig konkurransefortrinn for trevirke. Dette reduserer behovet for store maskinar under bygginga, og gir moglegheiter for at byggeprosessen kan forenklast og i større grad utførast av bøndene sjølve.
Riska trur byggekonsept som fungerer nærmast som eit sett med byggeklossar vil vere interessant for bønder som ønskjer å bygge nytt. Sjølv har dei utvikla eit laftesystem der veggane i bygget består av eitt lag med vedlikehaldsfritt tømmer, noko dei hevdar kan konkurrere både i pris og levetid med tradisjonelle landbruksbygg. Dei trekker og fram positive effektar for trivsel og inneklima i trebygg, slik som naturleg regulering av fukt, temperatur og ventilasjon, og god lyddemping i rommet. Dette gir fjøs som er gode å opphalde seg i for dyra, og for dei som arbeidar der.
Auka bruk av tre i bygg er ein viktig del av det grøne skiftet, og er viktig for den lokale verdiskapinga i Rogalandsskogbruket. Saman med Innovasjon Noreg jobbar vi for at bønder og industriaktørar som vel å satse på bygg eller bruk av tre skal kunne få utteljing for dette ved søknad om investeringsstønad frå Innovasjon Noreg Rogaland.