Skogsamling - ein møteplass for skognæringa og forvaltninga i Rogaland
«Utfordringane i skogbruket må bli meir allmenngjort». Dette opna Landbruksdirektør Geir Skadberg skogsamlinga med, og meinte at fleire må få auga opp for problema knytt til manglande forynging etter hogst, avverking før skogen er hogtsmogen og ikkje minst behovet for ressursar på kommunenivå i skogsektoren. Med dette i bakhovudet, gjekk skognæringa og forvaltninga laus på programmet for dagen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Infrastruktursatsinga held fram
«Det har aldri før vore så store investeringar i infrastruktur som no, og Vestlandet har store behov», fortalte fylkesskogmeister Stein Bomo. Det er no tildelt 4 millionar kroner til skogsbilvegar i Rogaland i 2018, men ein av utfordringane er at vegen ofte kjem på plass etter at hogsten er utført. Dette gir dårleg økonomi for skogeigar. Det same gir dårlege fylkes- og kommunalveger, som i Rogaland ofte har for låg vegklasse til at tømmerbilar kan kjøre effektivt på dei. Dette gir store økonomiske konsekvensar for skognæringa, og i tida framover vil det rettast fokus på oppskriving av vegnettet.
Kristofer Tveiterå er ein av dei som planleggar vegnettet i skogen. Han er skogbrukssjef i Hjelmeland, men óg vegplanleggar. Som vegplanleggar bidrar han til å realisere hovudplanane for veg som kommunane har utarbeida for skogbruket. Hovudplanane forteljar kor tømmerressursane står, og kor ein bør satse på vegbygging. Som vegplanleggar kan Kristofer gje gratis områdeplanlegging, og deretter prosjektering av vegen som kan dekkjast gjennom skogfond. Han kunne fortelje at det no arbeidast med 21 forskjellige anlegg, og at 7 av desse er innanfor hovudplan for veg.
Gode vegløysingar før hogst av skog gir betre økonomi, og NORTØMMER AS som er eit tømmermeglerfirma, fronta at vegbygging skal bli den enkle løysinga ved planlegging av hogst. Mange opplever bygging av veg som tungvint, og her krevjast det ei haldningsendring i følgje virkeskjøper Lloyd Gundersen. Meir bruk av kommunane sine hovudplanar for veg og vegplanleggar kan gjøre kvardagen enklare både for grunneigar og næringsaktørar, meinte han.
Informasjonsarbeid for å rusta skogeigaren
Skogselskapet i Rogaland arbeider aktivt med informasjonsarbeid om skog opp mot både vaksne og barn. Dei ser eit behov for nøytral rettleiing mot skogeigarar, og informerte om deira planlagde skogdagar og kurs framover. Dei oppfordra også kommunane til å ta tak i sine heimesider for å få meir tydeleg og oversiktleg informasjon retta mot publikum.
«Spør skogbrukssjefen» er ein nyoppretta Facebook-side som blei lansert på samlinga. Her kan dei som har spørsmål knytt til skog sende inn sine spørsmål, og få svar frå fagfolk i løpet av kort tid. Fylkesmannen i Rogaland bidrar med rådgiving på denne sida.
Forynging og snutebilleproblematikk i Rogaland
Forynging etter hogst skal sikre at vi har ressursar i framtida, men kva gjør me viss plantene dør av skadar? Forskar Kjersti Holt Hanssen frå NIBIO la fram resultata frå registreringar av snutebilleskadar i 2017 som blei gjort i Rogaland. Registreringane viste at snutebiller og beiting frå sau var dei to vanlegaste årsakene til død eller nedsett vitalitet blant plantene, der 1/3 var påverka. 10% av plantene døde på grunn av angrep frå snutebiller. For å unngå skadar, har dei testa ulike middel mot billeangrep. Resultat frå undersøkingar i ni fylke viser at voks fungerte best for å holde plantene skadefrie, men delen planter som kan overleve var jamngod for voksa planter og planter behandla med billemiddelet Merit Forest.
Forynging er noko som også opptar næringsaktøren Vestskog SA. Dei er som NORTØMMER AS eit tømmermeglerfirma, men er eigd av sine medlemmer. Dagleg leiar Kjetil André Rødland fortalte om Vestskog si undersøking på kor mykje som blei planta etter hogst og korleis det såg ut etter hogst. Dei fann at ein stor del av hogstarealet er ikkje forynga (6%) eller med uavklart status (58%). Dette gjaldt spesielt for mindre drifter (under 500 m3), der ein stor andel av desse ikkje hadde forynga sine areal etter hogst. Andelslaget skal no jobbe med å forbetre arbeidet med forynging, slik at dei ikkje mistar næringsgrunnlaget.
Forynging var også et tema då skogrådgivar Elisabeth Schmidt skulle fortelje om Fylkesmannen si resultatkontroll. Dette kan du lese meir om her.
Nyttige kontaktpunkt
Fylkesmannen i Rogaland takkar for gode foredrag og deltaking på samlinga. Slike kontaktpunkt er nyttige for å skape bevisstgjering rundt utfordringar og mogelegheiter i skogbruket framover. Foredraga frå samlinga kan du sjå på høgre side.