Det er sikra arbeidsfolk til vårplanting i skogen i Rogaland

Tømmeraktørane er i forkant og har allereie sikra seg lokal arbeidskraft for å kunne gjennomføre vårplanting i skogen som planlagt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.04.2020

Sikra bemanning

400 000 – 500 000 skogsplanter ligg nå klare på kjølelager for utsetting i Rogaland. Plantene er ferskvare, så desse må nå ut i løpet av våren for å ikkje bli øydelagde. Fylkesmannen har vore i direkte kontakt med tømmeraktørane og kommunane for å få avklart status på vårplantinga, og om det er behov for mobilisera arbeidskraft. Dei har god kontroll på situasjonen i Rogaland. Aktørane saman med kommunane har vore i forkant og har allereie sikra seg ekstra bemanning lokalt, i tillegg til utanlandsk arbeidskraft som er tilgjengeleg.

Det er planlagt to plantekurs gjennom Aktivt skogbruk for Nortømmer AS for to arbeidsgjengar à fire stykk. Det er sjølvsagt nokre praktiske omsyn i desse corona-tider, men Aktivt Skogbruk har etablert nye rutinar for gjennomføring. Dette er kurs ute i friluft, noko som gjer det enklare å gjennomføra etter retningslinene for å unngå smitte. Fylkesmannen dekker kursavgifta til deltakrane gjennom Aktivt skogbruk Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner