Eig du skog? Få ein fagleg boost om forvalting av skogen din
Kva skal til for å få best mogleg skogproduksjon, klimagevinst og økonomi på skogeigedomen? Fire korte kveldswebinarer gir deg som skogeigar fagleg påfyll dei neste månedane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogaland er eit fylke med stort potensiale for skogbruk og generelt gode moglegheiter for høg skogproduksjon. Det er mange grep ein skogeigar kan gjere for å oppnå ein økonomisk og berekraftig skogforvalting på sin eigedom, men kvar bør ein starte?
Me ynskjer å invitera skogeigarar til å delta på fire korte kveldswebinarer med eit grunnleggande skogtema for kvart webinar. Serien er planlagt med innspel frå kommunane i Rogaland og blir arrangert i samarbeid med Skogkurs og AT skog.
Program
Dato | Klokkeslett | Tema | Status |
Tors. 28. januar | 19:00 – 20:30 | Kva er skogfond? Korleis bruke det praktisk og effektivt? | Møtet er ferdig |
Tors. 11. februar | 19:00 – 20:30 | Smart planting for optimal bruk av arealet | Møtet er ferdig |
Tors. 4. mars | 19:00 – 20:30 | Ungskogpleie – kvifor og korleis | Møtet er ferdig |
Tors. 18. mars | 19:00 - 20:30 | Praktisk bruk av skogbruksplanen på din eigedom | Møtet er ferdig |
Med atterhald om endringar i programmet.
Påmelding og meir detaljert program for kvart webinar vil koma på nettsida til Statsforvaltaren i Rogaland og facebooksida Statsforvaltaren og bonden i Rogaland 14 dager før webinaret. Webinara er gratis og blir helde på Teams. Me sender ut link til påmeldte nokon dagar i forkant.
Vel møtt til ei fagleg vitamininnsprøyting i vintermånedane!