Forslag til felles skogforvaltning i Sør-Rogaland

Ei arbeidsgruppe oppnemnt av landbruksdirektøren har utarbeidd forslag til organisering og finansiering av felles skogforvaltning mellom 16–18 kommunar, frå Lund i sør til Hjelmeland i nord. Det er allereie sendt ut førespurnad til alle aktuelle kommunar for å avklare interessa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.03.2019

Bakgrunn

Bakgrunnen for initiativet er at Fylkesmannen meiner at dagens offentlege forvaltning av skogressursane i Rogaland ikkje legg til rette for å utnytte potensialet, og heller ikkje sikrar ei forsvarleg skogforvaltning. God skogforvaltning krev at kommunen har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet.

Fleire kommunar går vekk frå etablerte samarbeid om skogforvaltning, og fordeler skogoppgåvene på mindre stillingsbrøkar til personar utan skogfagleg kompetanse. Dette er utfordrande for god oppgåveløysing, men også krevjande med tanke på rekruttering av fagkompetanse. Det blei derfor teke initiativ til å opprette ei arbeidsgruppe for å utgreie ei alternativ organisering som i større grad nyttar dei moglegheitane og ansvaret kommunane har for forvaltning og vidareutvikling av skogressursane.

Mandat

Arbeidsgruppa fekk følgjande mandat:

  1. Beskrive oppgåver og kompetansebehov for den kommunale skogforvaltninga.
  2. Skissere forslag til organisering og ressursbehov til den kommunale skogforvaltninga.
  3. Utarbeide modellar for kostnadsdeling og finansiering og forslag til samarbeidsavtale.

Arbeidsgruppa har bestått av:

Kåre Strand, Klepp kommune (leiar)

Irene Holta Tjøstheim, Hå kommune/Norsk landbruksrådgiving

Hans Petter Tønnesen, Eigersund kommune

Arnt Mørkesdal, Sandnes kommune

Svein Kjetil Rønnevik, Forsand kommune

Stein Bomo, Fylkesmannen i Rogaland (sekretær)

Tilråding

Arbeidsgruppa tilrår at kommunane i Sør-Rogaland går saman om å etablere felles skogforvaltning med ansvar for skogforvaltning, skogsvegar og viltforvaltning. Dei tilsette i den felles skogforvaltninga skal dekke alle kommunane som er med i ordninga, men av praktiske grunnar bør den etablerast med 2 – 3 kontorstader.

Arbeidsgruppa tilrår ei organisering som administrativt vertskommunesamarbeid etter ny kommunelov kapittel 5 a.

Arbeidsgruppa har sett på modellar der inntil 18 kommunar samarbeider, og viser modellar med 4 eller 5 tilsette i den felles skogforvaltninga. Det vil vera ei minimumsbemanning for å dekke behovet i alle kommunane.

Landbruksdirektøren meiner at ei felles og kompetent skogforvaltning er av stor betydning for å utnytte dei mulighetene som skogen gir, og signaliserer derfor at kommunane kan rekne med eit bidrag frå Fylkesmannen til delfinansiering av den felles skogforvaltninga. I utgreiinga er det lagt inn bidrag på 2 nivå – kr 700 000 og kr 1 mill. pr. år.

Gevinstar

Arbeidsgruppa meiner ei slik organisering vil gi mange positive effektar og gevinstar;

  • Effektiv og forsvarleg forvaltning av skog og vilt
  • Styrking av fagmiljø
  • Heile stillingar med meir avgrensa oppgåveportefølje enn situasjonen i mange kommunar i dag
  • Lettare å rekruttera personar med skogkompetanse i heile stillingar
  • Sikre lik behandling av liknande saker mellom kommunar

Framleis ein veg å gå

Det må gjerast eit godt stykke arbeid vidare for å få alle kommunane til å gå for ei slik løysing som er skissert i rapporten. Vi håper at dette grunnlagsarbeidet kan bidra til gode løysingar.

For fleire detaljar sjå rapporten som ligg vedlagt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.