Frå skogbruksplan til aktivt skogbruk

I 6 månedar framover vil du møte Geir Gudmestad på landbruksavdelinga. Gjennom vinteren skal han sette skogbruksplanen på kartet ved å legge til rette for aktiv bruk av planverktøy, både for forvaltninga og skogeigarane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2020

Hjå Fylkesmannen skal Geir leie eit prosjekt med varigheit ut mars 2021 med fokus på skogbruksplanen. Geir er utdanna ved UIB og har ein mastergrad i naturgeografi frå 2019. No kjem han til oss frå ein jobb som skogbruksplanleggar i AT Skog. I prosjektet skal Geir legge til rette for auka bruk av planen og verktøyet Allma, og utløyse aktivitet på planting og ungskogpleie ved å ta i bruk nye skogbruksplandata.

Aktuelle tiltak er å skaffe til veie eller utvikle skriftlege rettleiarar og gjennomføre kurs i bruk av Allma for forvaltninga, samt legge til rette for skogdagar med fokus på skogkultur retta mot skogeigarar med nye skogbruksplanar. Prosjektet legg opp til dialog og samhandling med dei skogbruksansvarlege i kommunane. Ta gjerne kontakt med Geir om du har idear eller innspel til prosjektet.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.