«Grønn Frokost» markerte oppstart av ny satsing på trebruk i Rogaland

«Alle gode ting er tre» samla over 60 deltakarar onsdag 22. august på Statens hus, der tema var korleis vi kan auke bruken av tre i bygg og kvifor dette er viktig. I tillegg blei ei ny tresatsing i Rogaland presentert.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.08.2018

Rogaland og Sparebank 1 SR-bank går framfor og bygger Noregs største næringsbygg i tre. Dette kunne Else Marie Jonsson, prosjektleiar for Finansparken, fortelje om bygget som i desse dagar reiser seg i Bjergsted i Stavanger. Blant tilhøyrarane var det stor interesse for det som kjem til å bli eit av landets nye signalbygg innan trebruk.

Stadig meir aktuelt

Aasmund Bunkholt frå TreFokus fortalte om korleis tre no har blitt eit konkurransedyktig i mange større byggeprosjekt over heile landet. - Mykje av interessa for- og kompetansen som finst på trebruk i Noreg i dag hadde sitt utspring i Norwegian Wood-satsinga som var i Stavanger på starten av 2000-talet, hevda han. Dette var starten på ein renessanse for bruk av materialet i større bygg. I dag handlar utfordringa i stor grad om å gjere tre og dei positive eigenskapane det har meir kjend hos dei som bygger og bestillar bygg, hevda han vidare.

Felles for alle bidragsytarane på den grøne frukosten var stor optimisme for at tre som byggemateriale vil få ei stadig større rolle i tida framover. Livslaupsanalysar og miljø-/berekraftsvurderingar er allereie på full fart inn som kriterie når nye anbod skal utformast. I tillegg til å være eit fornybart materiale og eit naturleg karbonlager så bidrar tre til positive effektar for innemiljø og trivsel, noko som også vektleggast stadig meir som viktige kvalitetar ved bygga.

Nye satsingar på trebruk

Vidare blei det presentert ulike satsingar for auka kompetanse om bruk av tre, såkalla tredrivarsatsingar. Den eine skal være i Rogaland, med Kristin Bryne-Sandvik som prosjektleiar, og er i gong no frå 1. august. Kristin fortalde at prosjektet vil søke å auke kompetansen om bruk av tre i offentlege bygg og næringsbygg i fylket. Ho oppfordrer alle som er nysgjerrige på dette om å melde sin interesse.

Tredrivarsatsinga er ikkje unik for Rogaland. Liknande prosjekt er i gong i fleire fylke over heile landet. Vi fekk høyre om korleis Møre og Romsdal allereie har kome langt i dette arbeidet, blant anna ved å bygge opp gode fora og møteplassar mellom byggenæringa og kommunane i fylket. Vidare fekk vi høyre om eit nystarta prosjekt i Kystskogbruket som skal bidra til at fylka og FoU-miljøa kan jobbe betre saman om trebruk.

 

Grønn By er ei stifting som arbeidar for berekraft og medvit om miljøet i Stavanger-regionen, og er eit nettverk mellom offentlege etatar, næringsliv og organisasjonar. Fylkesmannen i Rogaland samarbeider med Grønn By, Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Rogaland Skognæringsforum om den nye tresatsinga i fylket.

Du kan finne presentasjonane og lese meir om den grøne frukosten på nettsida til Grønn By.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.