Det er tid for rapportering av juletresalet

Alt sal av juletre skal rapporterast til virkesdatabasen. Juletreprodusenten må sjølv rapportere sitt eige direktesal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.01.2021

Det er januar og juletrea har vore innomhus og er snart på veg ut igjen. Det er også tida for rapportere juletresalet.

Alt sal av varer frå skogbruket skal rapporterast inn til Virkesdatabase for Skogfond Og måleOpplysninger (VSOP). Juletre og pyntegrønt reknast inn under skogbruk og sal av juletre og pyntegrønt skal i likheit med tømmer og ved rapporterast inn til databasen. Denne legg grunnlag for statistikk over sal og marknad for juletre, gir myndigheitene oversikt over aktiviteten i skogbruket og gir opplysningar til bruk for trekk og innbetaling av skogfond. Det er Landbruksdirektoratet som er ansvarlege for Virkesdatabasen.

Kven skal rapportera

Juletreprodusenten er pliktig til å rapporterar sitt eige direktesal av juletre og pyntegrønt. Med direktesal meines sal direkte til kunden.

Sel du også juletre eller pyntegrønt til eit omsetningsledd som sel vidare til andre aktørar i Noreg eller i utlandet er det omsetningsleddet som skal rapportere desse trea. Det er likevel juletreprodusenten som er ansvarleg for at alle tre han hogg bli rapportert inn. Høyr med ditt omsetningsledd kva rutiner dei har for rapportering av juletrea.

Korleis rapportera

Du kan rapportere elektronisk via Altinn eller på papirskjema som sendest til kommunen.

Elektronisk: Skjema for rapportering av skogfond og tømmeravvirkning i Altinn

Papirskjema: Skjema på nynorsk og bokmål finn du i høgre marg.

Obs: I papirskjemaet står rapportering av juletre og pyntegrønt under «frivillig». Dette er fordi det frivillig å sette av skogfond. Samstundes er det ikkje valfritt å rapportere omsettinga.

Kva skal rapporterast

I databasen skal ein rapportere inn omsetninga frå juletresalet, med andre ord alle samla inntekter innanfor gitt salsperiode. Du treng informasjon om kor mange tre du har selt, og kva den totale omsettinga di er for gitt sesong (bruttoverdi utan moms).

Det er alle tre du har selt direkte til kunden som skal rapporterast. Dette omfattar i fyrste omgang dei trea du har produsert sjølv. Om du også skal rapportere tre du har kjøpt inn for vidaresal avhenger av kven du kjøper av og kva avtalar dykk har.

Har du kjøpt direkte frå ein produsent kan du høyre med han om han ynskjer å rapportere sjølv, og om du eventuelt skal sette av skogfond om de blir einige om at du gjer rapporteringa.

Har du kjøpt inn tre via eit omsetningsledd er det dei som rapporterer. Høyr med ditt omsetningsledd kva rutiner dei har for rapportering av juletrea og avtal kor mykje dei skal sette av i skogfond. 

Frist

Fristen for å rapportere er 7. januar 2021 om du vil ha tala på kontoutskriften for skogfondsrekneskapen for 2020. 

Om du ikkje rekk fristen er du likevel pålagt å registrere omsettinga, slik at ein kan få eit tilnærma bilete av kva som faktisk blir selt av juletre og pyntegrønt i Noreg. Dette kjem då på skogfondsrekneskapen for 2021.

Skogfond

I same rapporteringsskjema har du moglegheit til å sette av mellom 4 og 40 % av inntekta frå salet i skogfondet knytt til eigedomen din. Dette er frivilleg for sal av juletre og pyntegrønt. Summen som blir sett av i skogfondet blir ikkje inntektsført. Inntektsføringa skjer når pengene blir teke ut av fondet igjen, men då er det berre 15 % som blir beskatta, og skogfondet er slik sett ei svært gunstig ordning.

For at denne skattefordelen skal tre i kraft må midlane på kontoen nyttast til gitte føremål. Innanfor juletre- og pyntegrøntproduksjon gjeld dette kostnadar knytt til etableringa av plantefelta. Etableringsfasen er definert som det kalenderåret plantinga skjer, pluss det påfølgande kalenderåret.

I etableringsfasen kan du nytte skogfond til mellom anna:

  • Jordbearbeiding som er nødvendig for å sikre god etablering (ugrasbekjemping, torvflekking, ordinær markbereding)
  • Ugrasbekjemping
  • Drenering som skjer i forbindelse med etablering av feltet
  • Skogsbilvegar, på same måte som for skogproduksjon
  • Inngjerding med føremål å hindre vilt i kome inn på feltet
  • Bekjemping av lus og sopp
  • Gjødsling

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.