Kompetansesatsing for skogbruket langs kysten
Skogkurs er eit kompetansesenter i særklassen innan skog og skogbruk i Noreg. Dei har no retta fokuset mot kystskogbruket og har utarbeida ein skreddarsydd kompetansepakke for kystskogeigarar og deira rettleiingsapparat i kommunane for å auke kunnskapen om skog og skogbruk. No er det opp til kommune og grunneigarar å ta det i bruk.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kompetansesatsinga er todelt, der ein pakke er retta mot grunneigaren og ein er retta mot kommunal forvaltning. Formålet med kompetansepakkene er å gjøre det enklare for kommunane å arrangere målretta kurs for grunneigaren, for at grunneigaren sjølv kan sjå kva som er dei mest relevante tema her på kysten, og ikkje minst at kommunane kan friske opp si eiga kunnskap for å gi betre rettleiing. Under kan du sjå kva tilboda inneheld, og korleis du skal få vite meir.
Tilbod til kystskogeigaren
Eige du skog og vil vite meir om skog og skogbruk? Skogkurs har utvikla materiell som er skreddarsydd for skogeigarar langs kysten, med både rettleiarar, kurs og fagdagar. Du veljar sjølv kva du ønskjer å delta på.
1. Kystskogbruket si ABC – ein enkel rettleiar som svarar på dei fleste aktuelle spørsmål for kystskogeigaren.
2. Kurspakka – tilpassa kurs for dei mest sentrale tema for kystskogeigaren
- Praktisk kurs i planting av skog
- Ungskogpleie er lønnsamt!
- Smart bruk av skogfond
- RECO – Praktisk kurs i økonomisk kjøring med skogsmaskin
3. Gullgruve på rot – ein fagdag med fokus på best mogeleg økonomi ved rett tiltak til rett tid.
Interessert i å vite meir om dette? Ta kontakt med ein av instruktørane!
Fornøgde deltakarar under fagdagen i Bjerkreim (Foto: Gerd Inger Aarnes, Skogselskapet i Rogaland)
Tilbod til kommunane
Trenger du å friske opp fagkunnskapen din? Eller trenger du litt grunnleggande informasjon? Skogkurs har no samla aktuelle kurs som kommunane kan velje mellom, alt ettersom kva som er behovet. Anten det er forvaltningskurs, praktiske kurs eller informasjon om pådrivartiltak, har dei tilbod med ulik vanskegrad til kommunane sine ansvarlege innan skogforvaltning.
- Forvaltningskurs – 7 aktuelle kurs mest til hjelp i arbeidet med forvaltningsoppgåvene.
- Praktisk kunnskap – 7 aktuelle kurs for oppfrisking av skogbrukskompetansen.
- Skogpådrivar – ein erfaringsbase med beskrivelse av fleire pådrivertiltak fleire stader i landet.
Ønskjer kommunen din å arrangere kurs for kystskogeigarar, eller heve kommunen si eiga kompetanse? Ta kontakt med instruktørane for meir informasjon.
Kontaktpersoner
-
Eivind Lien
Tlf: 97 15 14 16 -
Per Helle
Tlf: 99 41 76 33 -
Tårn Sigve Schmidt
Tlf: 91 62 48 02