Ny skogrådgivar på plass hjå Fylkesmannen
Etter nesten 1 års vakanse på skogområdet er ny medarbeidar endeleg på plass. Birgit Sundbø Hagalid er tilsett som ny skogrådgivar i 100 prosent stilling på landbruksavdelinga frå 3. februar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Birgit er utdanna ved NMBU og har bachelorgrad i plantevitenskap og skogfag, og mastergrad i skogfag frå 2017. Ho kjem frå Stiftelsen Det norske Skogfrøverk som skogplanteforedlar med ansvar for foredlingsprogrammet på gran i sør-Noreg.
Sentrale arbeidsoppgåver på landbruksavdelinga vil vere vidareutvikling av skogressursane i fylket gjennom investeringar i ny kvalitetsskog og godt stell/skjøtsel. I tillegg vil utnytting av skogressursane med tanke på størst mogleg verdiskaping og klimanytte stå sentralt – bruk av tre i bygg og bioenergi til oppvarming.