Tema: Skog og miljø
Skogen er eit økosystem med økolgiske, sosiale og kulturelle verdiar. Skogbruket er ansvarlege for at omsynet til det biologiske mangfaldet, friluftslivet, landskapet og kulturverdiar blir ivareteke ved næringsverksemd i skogen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Skogen er grunnlag for verdiskaping gjennom arbeidsplassar knytt til skjøtsel og hogst i skogen, og vidarefordeling og eksport av virket ein hentar ut. Lovverket og sertifiseringssystemet Norsk PEFC Skogstandard skal sikre at omsynet til det biologiske mangfaldet, friluftslivet, landskapet og kulturverdiar blir ivareteke ved næringsverksemd i skogen.
Skogeigar sitt ansvar
Skogeigaren skal ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog og er pliktig til å ta omsyn til dei ved gjennomføring av alle tiltak i skogen, jamfør skogbrukslova og forskrift om berekraftig skogruk. I tillegg stiller marknaden som kjøper treprodukt klare miljøkrav til korleis skogen blir driven. Miljøkrava inneber mellom anna at miljøverdiar på den enkelte skogeigedom må vere dokumentert før ein går i gong med hogst. Dette er eit ufråvikeleg krav for å kunne kjøpe/omsette tømmer i dag.
Skogbruksplan med miljøregistreringar gir skogeigaren informasjon om skogressursane og miljøverdiane på eigedommen. Basert på den kan skogeigaren forvalte skogen på ein økonomisk og økologisk forsvarleg måte. Ein skogbruksplan med miljøregistrering tilfredsstillar dei absolutte miljøkrava/krav til miljødokumentasjon. Miljøinformasjon ligg også tilgjengeleg i fleire karttjenestar, som Kilden.nibio.no og Naturbase.no.
Norsk PEFC Skogstandard
Norsk skogbruk drives etter internasjonale konvensjonar og nasjonalt lovverk. Desse krava er konkretisert i sertifiseringssystemet Norsk PEFC Skogstandard.
Standarden sett mellom anna krav til val av hogstform, omsyn til kantsonar, livsløpstre, daude tre, særskilte miljøverdiar og kulturverdiar. Det er også krav til revisjon av miljøregistreringar seinast etter 15 år.
Frivillig vern
Frivillig skogvern er ei ordning der skogeigaren sjølv tilbyr skogareal til vern. Statsforvaltaren vurderar og avgjer om området er eit aktuelt verneområde. Om området har verneverdi kan myndigheitene inngå ein avtale med skogeigaren som omfattar avgrensing og bruk av området, og erstatning til skogeigar.
Kartlegging og kontroll
Kommunen gjennomfører årlege kontrollar av tre år gamle hogstfelt gjennom foryngingskontrollen og resultatkarlegginga. Føremålet er å kontrollere at skogane blir forvalta på ein berekraftig måte. Under kontrollen ser kommunen mellom anna på om omsynet til viktige livsmiljø og nøkkelibiotopar er ivareteke, om det er sett igjen livsløpstre og kantsonar, om feltet er forynga med riktig treslag og om det er teke omsyn til kulturminne.
Tilskot til miljøtiltak i skog
Etter forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) kan kommunen gi tilskot til å ivareta og vidareutvikla miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skog. Ta kontakt med skogbruksansvarleg i kommunen for informasjon om kva tiltak som er prioritert, vilkår og tilskotssatsar.