Tema: Skogbruksplan med miljøregistrering i skog
Skogbruksplanen med miljøregistreringar i skog (MiS) er skogeigaren sitt verktøy for å gjere gode prioriteringar i skogen. Planen gir informasjon om skogressursane og miljøverdiane på eigedommen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Skogbruksplanen gir informasjon ein kan bruke for å planlegge og gjennomføre viktige tiltak i skogen som hogst, ungskogpleie og vegbygging. Ein skogbruksplan med MiS inneheld areal-, miljø- og ressursoversikter for den enkelte skogeigedom, oversiktlege kart, og skogfaglege råd og føringar om korleis eigedomen bør drives, både økonomisk og miljømessig.
Basert på skogbruksplanen kan skogeigaren forvalte skogen på ein økonomisk og økologisk forsvarleg måte. Dette gjer planen til det viktigaste verktøyet ein skogeigar har.
Rollen til Statsforvaltaren
Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide og rullere ein overordna plan for takstprosjekt i fylket, og har i samarbeid med næringsaktørane og dei skogansvarlege i kommunane utarbeidd Hovudplan for skogbruksplanlegging med miljøregistreringar i Rogaland 2019-2028. Hovudplanen inneheld ei statusoversikt over takserte område, konkret handlingsplan for dei nærmaste 3-4 åra, og ei skisse til framdrift i den resterande delen av 10-årsperioden.
Vidare har Statsforvaltaren ansvar for å planlegge, koordinere og leggje til rette for takstprosjekt i samsvar med hovudplanen, samt vedta tildeling av tilskot. Hovudplanen er grunnlaget for prioritering av tilskotsmidlar til nye takstprosjekt.
Miljøregistrering i skog
Det er nedfelt klare miljøkrav i Forskrift om berekraftig skogbruk, og skogeigarane er pliktig til å ta nødvendige miljøomsyn ved alle skogbrukstiltak. I tillegg stiller marknaden som kjøper treprodukt klare miljøkrav til korleis skogen blir driven.
Miljølkrava inneber blant anna at miljøverdiar på den enkelte skogeigedom må vere dokumentert før ein går i gong med hogst. Dette er eit ufråvikeleg krav for å kunne kjøpe/omsette tømmer i dag. Ein skogbruksplan med miljøregistrering tilfredsstillar desse absolutte miljøkrava/krav til miljødokumentasjon.
Finansiering av skogbruksplanen
Arbeidet med skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blir delfinansiert gjennom ei statleg tilskotsordning. Statsforvaltaren har ansvaret for forvaltninga av denne tilskotsordninga, som er forankra i Forskrift om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. Det kan gis inntil 70 % i tilskot. Eigenandelen til skogeigar kan dekkjast av skogfond med skattefordel. Finansiering av areal utan planbestilling må dekkjast med minimum 20 % av andre midlar.