Erfaringar frå skogplanting våren 2021
Våren 2021 blei det sett ut berre 250 000 planter av dei om lag 500 000 som var planlagt. Stengte grenser for utanlandsk arbeidskraft på grunn av Covid-19 har gjort det krevjande å få gjennomført planlagt vårplanting.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I Rogaland tok Statsforvaltaren initiativ rett før påske mot kommunane og næringsaktørane for å prøve å organisere og gjennomføre planting med lokal arbeidskraft. Det hasta med å kome i gang med vårplanting. Media blei brukt aktivt for å marknadsføre behovet for lokal arbeidskraft. Responsen var god! Det blei etablert eit system med eit eige kontaktskjema med nøkkelinformasjon frå respondentane. Dette gjorde det enklare å sortere ut og kontakte personar i aktuelle område for planting.
Tidleg, og før det blei avklart ekstra plantetilskot til å dekke meirkostnader ved bruk av lokal og ufaglært arbeidskraft, gjekk Statsforvaltaren ut med at «frikjøp» av ressurspersonar og arbeidsleiarar for oppfølging av plantegjengar kunne dekkes av NMSK-midlane og eventuelt lokale rentemidler. Det var ingen som nytta seg av tilbodet.
Tak i kommunane
Nokre kommunar (skogbrukssjefar) tok ansvar med å hente inn folk og sørge for nødvendig opplæring og oppfølging av plantearbeid og plantegjengar. Ekstrakostnadane tok kommunane av eige driftsbudsjett. Kursing av arbeidskraft blei dekt av lokale rentemidlar. Desse kommunane kom tidleg i gong, og plantene blei sett i jorda før 17. mai.
Tilsvarande rolle tok andelslag/tømmerkjøparar i andre kommunar. Her gjekk det noko tregare å kome i gong med plantinga. Kanskje fordi dei hadde eit lite håp om å få inn utanlandsk arbeidskraft likevel. Dette kan vere noko av grunnen til mindre planteaktivitet enn planlagt. Ein del av planlagt volum kan vere omdisponert til andre fylke med kapasitet til å gjennomføre arbeidet. Det har vi ikkje oversikt over. Ein del planter er kasta. Resultatet for fylket under eitt er eit plantevolum på 50 prosent av det som var planlagt. Det vekker bekymring med tanke på at planta areal har vore lågare enn hogt areal i Rogaland over mange år. Me treng eit verkeleg løft innan planting av skog.
Dei beste erfaringane er hausta der kommunen tidleg, i samarbeid med aktørane, tok ansvar for å få tak i folk, opplæring og oppfølging. Dei var heile vegen tett på arbeidet for å få plantene tidsnok i jorda. Med ungdommar og uerfarne folk i arbeid, er tett oppfølging avgjerande for resultatet og kvaliteten på arbeidet. I tillegg er det positivt for skognæringa at fleire får lære litt om skog og skogbruk, og blir litt mindre avhengig av utanlandsk arbeidskraft.
Kontaktpersoner
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72