Søndag 21. mars er verdens skogdag

Gratulerer med den internasjonale skogdagen den 21. mars! FN har sett denne dagen som dagen for å tenke over rollen skogen har i samfunnet, og korleis me kan sikre ei berekraftig forvalting av skogen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.03.2021

Berekraftig skogbruk i Noreg

Så lenge skogen veks bind den karbon og dette gjer skogen til eit viktig verkemiddel for å redusera karbon i atmosfæren. Skogen er ein fornybar ressurs; når skogen blir hogd vil det kome opp ny skog. Skogbruket har ein sentral rolle i å fornye skogen etter hogst gjennom planting eller naturleg forynging, og skogeigaren er lovpålagt å sørge for ny skog innan tre år etter hogst. Slik sikrar skogeigaren binding av karbon, tilgong på råstoff i framtida og eit meir berekraftig skogbruk.

Miljøomsyn i skogbruket

Skogen er også eit økosystem med økologiske, sosiale og kulturelle verdiar. Ulike typar skog er levestad for ulike artar og gir moglegheiter for rekreasjon og friluftsliv for menneska. Skogbruket er ansvarlege for at omsynet til det biologiske mangfaldet, friluftslivet, landskapet og kulturverdiar blir ivareteke ved næringsverksemd i skogen. Lovverket og skognæringa sitt eige sertifiseringssystem Norsk PEFC Skogstandard skal sikra at dette blir fulgt opp i praksis.

Skogen tek opp og lagrar karbon, er ein stad for friluftsliv og rekreasjon, gir oss fornybare ressursar og er levestad for eit mangfald av artar. Det er verdt å markera.

 

Kva er berekraft

Berekraft handlar om å leve på ein måte som gjer at me får det me treng utan å øydelegge for at framtidige generasjonar får dekka sine behov. For at noko skal vere berekraftig må ein ivareta omsynet til miljø, økonomi og sosiale forhold.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.