Webinar for skogeigarar; Økonomisk gevinst med skogfond
Me inviterer til kveldswebinar med tema skogfond torsdag 28. januar! Skogfond gir økonomiske fordelar og legg grunnlaget for vidare investeringar i skogen din. Skogkurs gir deg ei innføring i praktisk bruk av skogfondet!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dette er det fyrste kveldswebinaret i ei rekke på fire som gir innspel til kva du som skogeigar kan gjere for å oppnå ein økonomisk og berekraftig skogforvalting på eigedommen din.
Fyrste tema ut er skogfond med skattefordel som er ei økonomisk særordning for skogbruket. Ordninga bidrar til å auke lønnsamheita for skogeigaren og legg grunnlaget for langsiktige investeringar i skogen til det beste for skogproduksjonen og miljøverdiane som finst der.
Bjørn Helge Bjørnstad frå Skogkurs fortel oss korleis du utnyttar ordninga, og tek oss gjennom følgjande tema:
- Bruk og utnyttelse av skogfond
- Informasjon om det nye skattesystemet
- Samspel mellom skatt og skogfond for ulike skogeigargrupperingar
- Aktuelle verktøy
Sjå eiga temaside om du vil lese meir om skogfond som førebuing til webinaret.
Program
Tid: 28. januar klokka 19.00-20.30
Sted: Digitalt teams-møte
Påmelding: I skjemaet under. Påmeldingsfrist er onsdag 27. januar.
Hendinga er gratis. Me sender ut link med tilgong til arrangementet til dei påmeldte dagen i forvegen.
18:50 – 19:00 | Pålogging | |
19:00 – 19:05 | Velkomen, køyrereglar for dette møtet | Geir Gudmestad, Statsforvaltaren i Rogaland |
19:05 – 20:05 | Kva er skogfond? Korleis bruke det praktisk og effektivt? | Bjørn Helge Bjørnstad, Skogkurs |
20:05 – 20:20 | Innspelsrunde, spørsmål og tilbakemeldingar |
Gjennom våren vil det kome fleire webinar retta mot skogeigarar om kva som skal til for å få best mogleg skogproduksjon, klimagevinst og økonomi på skogeigedomen. Sjå oversikten over komande kveldswebinarer her.
Vel møtt til ei fagleg vitamininnsprøyting i vintermånedane!