Regelverket for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel er endra
Med endra forskrift er øvre aldersgrense på 70 år innført på nytt. Det har også skjedd endringar i reglane for far sin permisjon i samband med fødsel.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 09.07.2015
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har endra forskrift nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. av 19.12.2014. Endringane er satt i verk.
Kort oppsummering av endringane i forskrifta:
For tilskot til avløysing ved sjukdom, er øvre aldersgrense på 70 år innført på nytt. For andre tilskotsordningar er det inga øvre aldersgrense. |
Avgrensinga på 365 dagar med tilskot til avløysing ved sjukdom, er knytt til tal dagar det er utbetalt tilskot for. Når det ikkje har blitt utbetalt tilskot ved sjukdom i 26 veker samanhengande, kan tilskotet bli utbetalt for inntil 365 nye dagar. Det har ikkje lengre betyding om søkjaren har vore sjukemeldt i løpet av dei 26 vekene. Det som er viktig er at søkjaren ikkje har fått utbetalt tilskot ved sjukdom i denne perioden. |
Ved 100 % uføre kan det ikkje bli utbetalt tilskot til avløysing ved sjukdom. |
Far kan ta 14 dagar permisjon i samband med fødsel i tidsrommet frå 14 dagar før fødsel til 14 dagar etter at mor og barn er heime frå sjukehuset. Det er ikkje lenger krav til at avløysinga må vere «samanhengande». |
Meir informasjon om det nye regelverket finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.