Nytt løyve til avfallslagring i Tananger
Franzefoss Gjenvinning AS er gitt løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på Asco-basen i Sola kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 26.11.2014
Fylkesmannen er no ferdig med sakshandsaminga av søknaden frå Franzefoss Gjenvinning AS om løyve til å motta og mellomlagre farleg avfall på lagertankar og i lasteberarar på ASCO-basen, Tananger i Sola kommune.
Det er gitt løyve etter forureiningslova på visse vilkår. Løyve med tilhøyrande vilkår kan lesast i dokumentlenka i høgremenyen.
Løyvet kan påklagast til Miljødirektoratet, og klagen må sendast Fylkesmannen i Rogaland, innan tre (3) veker.