Slått av smal vasspest i Bjårvatnet - oppsummerande rapport
I perioden 2011-2013 blei det gjennomført slått av smal vasspest (Elodea nuttallii) i Bjårvatnet. Denne rapporten gjer ei fagleg evaluering av dette arbeidet. Resultatet er at det ikkje blir sett på som kostnadseffektivt å setta i gang tilsvarande prosjekter i andre næringsrike innsjøar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Smal vasspest (Elodea nuttallii) blei oppdaga i Bjårvatnet i 2006. Dette var første funn av denne arten i Norge. For å avgrensa førekomsten av arten i Norge, og hindre vidare spreiing, blei det bestemt at ein skulle sette i gang slått av smal vasspest i Bjårvatnet. Dette arbeidet blei gjennomført i perioden 2011 - 2013.
Arbeidet syner at smal vasspest i så store bestandar som i Bjårvatnet, ikkje vil kunne fjernast mekanisk frå ein innsjø. Sjølv om biomassen har blitt mindre sidan slåtten starta i 2011, kan ein ikkje sjå klare positive effektar av slått på bestanden av smal vasspest. Det blir heller ikkje sett på som kostnadseffektivt å setta i gang slått i denne typen næringsrike innsjøar. Ein generell reduksjon av næringstilførselen til innsjøen blir anbefalt. Nedgangen av fosfor i sedimenta i perioden 2009 -2015, kan skyldast opptak av fosfor gjennom vasspestens røter.