Sommarjakt på stillehavsøsters

Er du glad i å vasse eller snorkle i havet? Bryr du deg i tillegg om naturen og har du kanskje og eit konkurranseinstinkt? Da må du bli med på den store sommarjakta på stillehavsøsters i Rogaland og vinne fine premiar!

Konkurranse er avslutta 1. september og alle deltakarane har fått melding frå oss.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.06.2017

I 2017 har Fylkesmannen i Rogaland gåande eit prosjekt saman med Rogaland fylkeskommune og Havforskningsinstituttet om å kartlegge utbreiinga av stillehavsøsters i fylket vårt. Forskinga består både av datamodellering og eit tokt langs Rogalandskysten til hausten.

Stillehavsøsters er ein framand art som dessverre blir stadig meir vanleg langs kysten vår. Den spreier seg raskt og kan endre det biologiske mangfaldet på havbotnen dramatisk ved at den danner store og skarpe rev på sandbotnen. Stillehavsøstersen presser ut andre muslingar som flatøsters og blåskjell som igjen er viktig mat for andre artar som til dømes ærfugl.

Sjølv om det allereie er funne stillehavsøsters lenger nord på vestlandet er ikkje utbreiinga her like omfattande som på Skagerakkysten og i Oslofjorden. Med sitt milde klima er Rogaland eit nøkkelfylke med omsyn til spreiing av arten oppover norskkysten, og no ønskjer vi din hjelp til å kartlegge han!

Kjem du over stillehavsøsters i sommar ber vi deg difor om å send inn eit bilde av funnet ditt samt ei lita kartskisse som viser kor østersen blei funne til fmropost@fylkesmannen.no. Alle bidrag vil vere med i trekninga av flotte premiar med marine tema.

P.s. Eit teikn på at du har funne stillehavsøsters er at denne er meir langstrakt og taggete enn den «runde» flatøstersen. Google om du er i tvil! Husk at den norske flatøstersen er nær trua.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Bli med på kartlegging av stillehavsøsters

Foto og enkel kartskisse over funnet ditt kan sendast til fmropost@fylkesmannen.no - gjerne merka med "Kartlegging av stillehavsøsters". Skriv namnet ditt og adressa og du er med i trekninga av flotte premiar med marine tema. 

Ny melding 4. september: Konkurranse er no avslutta og alle deltakarar har fått tilbakemelding.