Mostun natursenter

Naturinformasjonssenteret fekk autorisasjon som nasjonalt våtmarkssenter i desember 2012. Senteret ligg i Mosvatnparken i Stavanger. Alle arrangement ved Mostun vert publisert på Facebook.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.09.2013

Tre lokalitetar
Besøkssenter våtmark Jæren omfattar Mostun natursenter i Stavanger kommune, Friluftsfyret Kvassheim i Hå kommune og Frilusthuset Orre i Klepp kommune. Kvassheim og Orre, drifta av Jæren friluftsråd, blei åpna i 2010 og 2012 (etter brann). Mostun natursenter er dreven av Naturvernforbundet i Rogaland i samarbeid med Stavanger kommune, Norsk ornitologisk forening og Norsk botanisk forening.

Utstillingar
Frilluftshuset Orre har varmestue, takoverbygd opphaldsrom, forsamlingslokale og utstillingsrom. I utstillingsrommet har det sidan gjenåpninga i 2002 blitt vist ei tradisjonell utstilling med presentasjon av naturmangfald og kulturhistorie i Jærstrendene landskapsvernområde.

Friluftsfyret Kvassheim inneheld varmestue og maskinhus. Maskinhuset har mellom anna feltarbeidsrom i kjellaren, resepsjon og redningsutstilling i 1.etasje og utstilling om RAMSAR og Jæren våtmarkssystem i 2.etasje. RAMSAR-utstillinga er supplert med utstillinga ” Frå istid til nåtid”, film om naturverdiene i Jæren våtmarkssystem, publikumskikkertar i varmestua,  fuglesilhuettar, stereoskop, ny fotoutstilling med tema ”Fuglar i sivskogen” og forundringskasse.

Mostun natursenter har to tradisjonelle utstillingar - den eine er ein kopi av delar av RAMSAR-utstillinga på Kvassheim, den andre er ei utstilling om trua naturmangfald i Rogaland. Natursenteret har enkel servering av økologisk mat og drikke, gratis informasjonsmateriell og salg av lokale naturbøker, fuglekassar og andre artiklar.

Les meir om aktivitetane i dei ulike delane av våtmarkssenteret i lenkene til nettsidene Besøkssenter våtmark Jæren, Mostun, Kvassheim og Orre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.