Tidleg jakt på grågås i Kvitsøy og Rennesøy i 2014
Fylkesmannen har gitt nye lokale forskrifter som opnar for 15 dagar utvida jakttid på grågås i Kvitsøy og Rennesøy kommunar i 2014. Jakta i denne perioden er strengt regulert.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bakgrunn for å utvida jakttida på grågås i desse to kommunane er store beiteskader frå grågås på eng. Bestanden av grågås i Ryfylke har vekse kraftig etter år 2000, og tidleg jakt er eit godt verkemiddel for å redusere lokal bestand av grågås.
Fylkesmannen kan utvida jakta ved spesielle høve. Det er sett strenge føringar for jaktutøvinga i denne perioden. For at jakta skal vere lokalt tilpassa er det eit ulikt regelsett for dei to kommunane. Utvida jakt i 2014 skal evaluerast før eventuell vidareføring neste år.