Naturarven i Rogaland
Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap - dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen og Statens naturoppsyn får i desse dagar fjerna store mengder oppslag av tre og buskar – mellom anna sitkagran og rynkerose. Dette for å ta vare på dei lyskrevjande artane og naturtypane i området. Men og for å behalde det storslåtte landskapsbildet som Brusand er så kjent for. Vi har og planar om forsiktig beite og brenning for å stagge aukande takrøyr-vegetasjon, og opne opp laupet mellom Vaulen og Fuglestad-elva for å betre vassføringa. |
Brusand plantefredningsområde ligg i Jærstrendene landskapsvernområde på sørvest-sida av tettstaden Brusand. Det som gjer område unikt er samanhengen frå sjøen, gjennom det store sanddynesystemet og til ein såkalla lagune (Vaulen) som renn ut i Fuglestad-elva.
Dette samla natursystemet fører til en rik artsflora med mange truga- og raudlista artar av både planter, fugl og ikkje minst insekt. Området har internasjonale kvalitetar og er eit såkalla Ramsar-område innanfor Jæren våtmarkssystem. |
Orkideen Purpumarihand |
Fjerning av busken tinnved, nord på Brusand, Kvalbein. Foto Fylkesmannen i Rogaland |
Visste du at våtmarkene våre blir kalla biologiske supersystem ? Det er eit nasjonalt miljømål at utrydding av truga våtmarksartar skal stansast og status for artar i nedgang skal vere betra innan 2020.
Myrperlemorvinge Foto: Per Terje Haaland |
Toppdykkar trivst best i våtmark. Foto: RS Karlsen |